Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp: Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke på topp!
- Me takkar for tilliten og ser fram til ein aktiv valkamp. Me vil kjempa for ei nytt stortingsfleirtalmed ein politikk for heile landet og heile Hordaland. Me treng tenester nær folk både i by og bygd. Vi vil legge til rette for eit spreidd næringsliv som nyttar ressursane i heile Hordaland, seier Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke i ein kommentar.
Kjersti Toppe frå Bergen er stortingsrepresentant frå Hordaland. Ho sit i sin andre periode på Stortinget, og er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen.
Ho har bakgrunn frå Bergen bystyre og Hordaland fylkesting. Ho er 49 år, utdanna lege, gift og har 6 born.
Nils T. Bjørke frå Voss. Han er bonde, og har bak seg 5 år som leiar i Norges Bondelag. Han er medlem av fylkestinget i Hordaland, og leiar i Miljø- og samferdsleutvalet. Han er 57, gift og har 3 born.
Resten av lista er slik:
3. Hans Inge Myrvold, Kvinnherad. Han er varaordførar, og i sin andre periode i kommunestyret. Han var tidlegare leiar i Hordaland Senterungdom, har to born.
4. Sara Hamre Sekkingstad, Radøy. Ho er generalsekretær i Senterungdommen. Sit i sin andre periode i kommunestyret på Radøy, er fylkestingsrepresentant i Hordaland.
Stortingsvalliste 2017
- Kjersti Toppe, Bergen
- Nils T. Bjørke, Voss
- Hans Inge Myrvold,
- Sara Hamre Sekkingstad – Radøy, ungdomskandidat
- Alexander Fosse Andersen, Bergen
- Mette Heidi B. Ekrheim, Etne
- Jon Askeland, Radøy
- Sigrid B. Handegard, Jondal
- Geir Indrefjord – Bergen, ungdomskandidat
- Jostein Ljones, Kvam
- Kristin T. Kleppe, Tysnes
- Jakob Bjelland, Stord
- Anne Hilleren, Askøy
- Anna K. Valle, Lindås
- Steinulf Tungesvik, Bergen
- Samson Hamre, Ullensvang
- Lars Mostrøm Fjeldstad, Osterøy, ungdomskandidat
- Inga Rullestad, Etne, ungdomskandidat
- Herborg Nordtveit, Fusa
- Siren Tømmerbakke, Os
- Lillian Torvund, Meland
- Kjell Arve Vorland, Sund