Meny

Kjersti Toppe om Folkehelsemeldinga: - Førebygging er betre enn reparasjon

- Skal vi sikra alle rett til god helse, må vi i ta i bruk verkemiddel på befolkningsnivå for å gjera dei sunne val enklare, sa Kjersti i innlegget på Stortinget

Nordmenn har ei gjennomgåande god helse, men det er skyer i horisonten, og vi har tydelege sosiale helseforskjellar i befolkninga. Levealderen i Noreg er høg, men vi er ikkje lenger på verdstoppen, slik vi var for ein generasjon sidan. Livsstilssjukdomar vert omtalt som den nye folkesjukdomen. Vårt gode liv er vorte eit problem. Vi er nøydde til å ta grep for å førebyggja den utviklinga. Skal vi lukkast med ein god helsepolitikk og hindra sløsinga med ressursar i helsevesenet, må vi førebyggja.

Alle har ansvar for eiga helse. Skal vi sikra alle rett til god helse, må vi i tillegg ta i bruk verkemiddel på befolkningsnivå for å gjera dei sunne val enklare – i staden for å retta reparasjonstiltak inn mot den enkelte. Regjeringa har tatt dette på alvor. Folkehelsemeldinga som vi debatterer i dag, er ei oppfølging av folkehelselova som begynte å verka i 2012. Erkjenninga av at det meste som påverkar folkehelsa, skjer utanfor helsevesenet, ligg til grunn. Sosialmedisinsk grunnleggjar Rudolf Virchow sa det slik for 150 år sidan: «Politikk er intet annet enn medisin i stort.» Med det meinte han at politikk er å fordela levekår og verdiar, og dermed helsevilkår, mellom grupper i samfunnet. Når politiske styresmakter lokalt, nasjonalt og globalt fordeler levekår som inntekt, arbeid, utdanning, bustad, mat og miljø, fordeler dei samtidig rammevilkåra for helse.

Denne regjeringa sin politikk på andre felt enn helse betyr mykje for folkehelsa. Det er dette perspektivet og erkjenninga som ligg til grunn i folkehelsemeldinga vi behandlar i dag. Vi vil prioritera fellesskap og fellesskapsløysingane. Gratis frukt og grønt i skulen vil gi ein stor helsegevinst. Om berre 3 pst. av elevane aukar sitt permanente inntak av frukt og grønsaker med 25 gram, vil tiltaket vera økonomisk lønsamt. Meir fysisk aktivitet i skuletida vil også bety mykje for folkehelsa. Folkehelseinstituttet antar at auka fysisk aktivitet saman med betre kosthald vil kunna halvera risikoen for diabetes type 2. Når astma er årsaka for 20 pst. av barna som blir lagde inn på sjukehus, er det viktig å løysa utfordringane knytte til infrastruktur, luftforureining og inneklima i barnehage og skule. At Nasjonal transportplan har eit lyft for gang- og sykkelveg og trafikksikring av skulevegar, er god folkehelsepolitikk. Å redusera økonomiske forskjellar i befolkninga – tiltak mot barnefattigdom – er å gi grunnleggjande økonomisk tryggleik til alle. Det bidrar til betre helse. Vi må tenkja folkehelse på alle politikkområda.

Førebygging og folkehelse er sjølve ryggrada i helsepolitikken. Samhandlingsreforma, som er ei retningsreform for helsevesenet, har dette som sitt utgangspunkt. Førebygging skjer der folk bur og lever sine liv. Derfor er kommunepolitikken viktig, derfor er kommunehelsetenesta heilt sentral. Senterpartiet er svært glad for den opptrappinga av helsestasjonar og skulehelsetenesta som er varsla i meldinga. Dette er lågterskeltiltak som når alle barn og unge, og der ein kan ha tidleg innsats og driva god førebygging.

Forutan kosthald og fysisk aktivitet utgjer også rusmidlar og stråling ei folkehelseutfordring. I 2008 var det i følgje Folkehelseinstituttet 4 000 innleggingar i somatiske sjukehus forårsaka av alkoholrelaterte lidingar. Halvparten av pasientane ved landets psykiatriske akuttavdelingar har problemfylt bruk av rusmiddel. Mellom 50 000 og 150 000 barn lir på grunn av vaksne sitt rusmisbruk. Derfor er restriktiv alkoholpolitikk god folkehelsepolitikk for å sikra fridom for alle, ikkje berre for nokon få. Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld føflekkskreft. Det er ein direkte samanheng mellom bruk av solarium og kreft. Verdas helseorganisasjon plasserer solarium i same kategori som røyking og asbest. Fleire land har innført aldersavgrensing og krav til betening.

73 pst. av befolkninga ønskjer, i følgje Kreftforeiningas undersøking, 18-årsgrense i Noreg. Då regjeringa i fjor innførte 18-årsgrense, raljert Høgre og Framstegspartiet over forslaget. Men dei er i utakt med befolkninga når dei meiner at ein ikkje skal førebyggja blant barn og unge. Opposisjonen, som er einig om mykje på helseområdet, er tilsynelatande også einig om ikkje å ha ein aktiv folkehelsepolitikk. Fleire gode tiltak står i fare: gratis frukt og grønt, fysisk aktivitet i skulen, tobakksskadelova, alkohollova, 18- årsgrense på solarium, avgiftspolitikk på rusfeltet, avgiftspolitikk på kosthaldsfeltet, reklameforbod mot alkohol, skjenketider, vinmonopolordninga, fjernsynsreklame for alkohol – og ein vil også ha fjernsynsreklame for smertestillande tablettar, for å nemna noko. Opposisjonen er på tilbodssida i valåret. Det hjelper lite når ein ikkje er einig om det aller mest grunnleggjande i helsepolitikken, nemleg folkehelsepolitikken.