Meny

Kjersti Toppe om Hardanger og Sunnhordland Tingrett!

Domstolsadministrasjonen (DA) vil i løpet av hausten 2015 vurdere mulige samanslåingar av fyrsteinstansdomstolar. I følgje brev som er gått ut til alle domstolsleiarar, føreslår ein at Nordhordland/Bergen tingrett, Sunnhordland Tingrett og Hardanger tingrett vert slått saman til «Hordaland Tingrett».
Bevar Hardanger og Sunnhordland Tingrett!
Domstolsadministrasjonen (DA) vil  i løpet av hausten 2015 vurdere mulige samanslåingar av fyrsteinstansdomstolar. I følgje brev som er gått ut til alle domstolsleiarar,  føreslår ein at Nordhordland/Bergen tingrett, Sunnhordland Tingrett og Hardanger tingrett vert slått saman til «Hordaland Tingrett».
Dette er ei sak det bør bli kamp om i Hordaland. Nok ei sak, der Regjeringa vil  sentralisere viktige tilbod vekk frå folk i distrikta – for å skape såkalla robuste, store einingar. Det betyr lengre avstandar, tap av kompetansearbeidsplassar, og det vil kunne gi ringverknader for lensmannkontora dersom den lokale tingretten forsvinn.  Til dømes vil Odda lensmannskontor merke det svært godt om tingretten i Hardanger ikkje lenger eksisterer, men der ein må til Bergen for alle type tenester.
Saka , der ein planlegg  fleire samanslåingar av fyrsteinstansdomstolar, vart gjort kjend dagen etter kommune- og fylkestingsvalet. Tidspunktet er påfallande, for dette hadde garanter skapt enno meir støy for regjeringspartia  i valkampen, om forslaget var  kjent. 
Dei konkrete samanslåingane DA ynskjer å fremje, vert sendt over  til departementet ved årsskiftet 2015/16.   I fylgje brevet vil DAs styre bestemme kva slags endringar i domstolsstrukturen som skal føreslås for Justis- og beredskapsdepartementet. Dette vil kunne innebere at Stortinget eventuelt tar stilling til desse hausten 2016.
Eg og Senterpartiet vil vere klokkeklar i desse sakene på Stortinget. Vi vil arbeide mot  ei slik sentralisering av tingrettane i Hordaland. Det er viktig med gode rettstenester, også utanfor byane.
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant SP