Meny
Bli medlem

Kjersti Toppe om sjukehusa; Høie må snu!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland

Statsråd Bent Høie skapar stor uro i Helse-Norge på bakgrunn av sin sjukehustale den 7.januar i år. Der slo han fast at sjukehus med færre enn 60-80 000 innbyggjarar i sitt opptaksområde var for små til å ha kirurgisk akuttberedskap, skriv Kjersti Toppe i dette innlegget.

Mange helseføretak ventar no på den nasjonale helse- og sjukehusplanen. I den vil det avklarast om Stortinget kjem med politiske føringar for at sjukehus med eit mindre pasientgrunnlag enn 60-80 000, skal misse kirurgisk akutt-tilbod. I frå nord til sør i landet er det i dag sterke protestar mot forslaget og denne uvissa.

Høie har virvla opp ein stor sentraliseringsdebatt som er heilt unødvendig. Den har bekymra mange sjukehusmiljø som no er usikker på framtida for sin arbeidsplass. Sjukehus er kompetansearbeidsplassar, der fagleg utvikling og sikker rekruttering er viktig. Når fagmiljø i lang tid må gå i uvisse om samfunnet faktisk har bruk for eins erfaring og kunnskap, eller ikkje, kan fagmiljøa fort forsvinne. Vi har god råd i Norge som kan raljere slik med dei medisinske kompetansemiljøa våre.

Helse- og omsorgsministeren framstiller det som fakta at det kirurgiske akutt-tilbodet må sentraliserast av faglege grunnar. Han hevdar at spørsmålet no er om indremedisinaren må sentraliserast saman med kirurgane. Dette er å tilsløre og banalisere debatten. Spørsmålet er kor Høie har tala sine frå, og om regjeringa ikkje ser at legesentralisering er eit politisk val meir enn fagleg krav. Spesialisert sjukehusbehandling må skje sentralisert, det er klart. Men det vanlege er det vanlege, også i medisin. Fleirtalet - heile 2/3 - av pasientar som blir lagt inn på sjukehus treng tilbod på lokalsjukehusnivå. Skal dei møte akuttmottak utan kirurgar, då?

Når halvparten av norske sjukehus kan misse det akuttkirurgiske tilbodet snakkar vi ikkje om tilpassingar, men om ei massiv sentralisering av sjukehustilbod. No er det ikkje små sjukehus på dei mindre plassane som står i fare. No er det sjukehus i byar som skal sentraliserast. Sorry Bent Høie, men dette vil det bli kamp om. Du må snu, for fakta har makta. Dette handlar om politikk og ideologi. Vi får dei sjukehusa som det er politisk vilje til. Å sentralisere kirurgar vekk frå det nære helsetilbodet og viktig beredskap, er og blir feil.  

Den norske legeforening er tydeleg: sjukehus med akuttilbod må ha både kirurgar, indremedisinarar og anestesilegar på vakt om ein skal sikre kvaliteten i tilbodet. Dei meiner at reisetid, geografi og vêrforhold er tungtvegande faktorar som krev lokalsjukehus med full akuttberedskap. Senterpartiet deler dette synet. Å splitte fagmiljøa på lokalsjukehus, vil ikkje sikre likeverdige helsetenester, som er sjølve føremålet med dagens helseføretakslov. Folket forventar å  ha tryggheit for lokal beredskap og helsetilbod. Det er eit politisk ansvar å sikre det.

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Senterpartiet  
Helsepolitisk talsperson