Meny
Bli medlem

Kjersti Toppe: Symjing- eit skuleansvar!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Undersøkingar viser at halvparten av norske tiåringar ikkje kan symje. - Symjeundervisninga i Noreg må styrkast, og tilskotsordninga til symjeanlegga må forsterkast

Symjing , eit skuleansvar.

 

Undersøkingar viser at halvparten av norske tiåringar ikkje kan symje. Vi ligg langt etter Danmark og Sverige når det gjeld nivået av symjedyktige barn. Medan nærmast alle norske barn kan spele fotball, fins det minst 150 000 barn frå første til femte klassetrinn som ikkje kan symje.  Å ikkje kunne symje er ofte sosialt stigmatiserande og hindrar barn frå å delta i  sosiale aktiviteter slik som strandliv, båt, padling osv. Men det mest alvorlige er sjølvsagt at dette aukar faren for drukningsulykker blant barn og unge. Det er særlig problematisk sidan vi er eit land og fylke med lang kystlinje.

 

Kvar vår og sommar spesielt skjer tragiske drukningsulykker i Norge. Ifølge Utdanningsdirektoratet har Norge meir en dobbelt så mange drukningsulykker som Sverige, og heile fire gonger så mange som England og Nederland.  Mange hevdar at det er foreldra sitt ansvar å lære borna å symje. Sjølvsagt er det flott om barna lærer å symje av foreldra. Men her er det store sosiale skilnader. Ikkje alle barn blir tatt med i symjehallen om helgene. Ikkje alle familiar har råd til å sende barna på private symjekurs. Ikkje alle barnefamiliar reiser til «Syden», der barn lettare lærer seg å symje.  Og mange barn har foreldre som ikkje sjølv kan symje. Kva då?

Vi bør vere tydeleg på at symjing er ein ferdigheit som alle elevar, uansett bakgrunn, skal kunne tileigne seg i skulen.

 

I fylgje Læreplanens kompetansemål etter 4. årstrinn, skal eleven kunne «vere trygg i vatn og vere symjedyktig" og «ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane». Men når så mange som halvparten av elevane på fjerde trinn ikkje når desse kompetansemåla, er det grunn til å reagere.  Skulane blir i dag heller ikkje målt på dette, fordi det ikkje fins ein offisiell definisjon på kva det vil seie å vere symjedyktig. Norges Svømmeforbund har lenge arbeida for at myndigheitene skal definere symjedyktigheit til det å kunne symje 200 meter.

 

Vi treng å styrke symjeundervisninga i skulen. Myndigheitene må straks innføre ein definisjon på  symjedyktigheit, nemleg å kunne symje 200 meter. Symjeundervisninga i skulen må starte mykje tidlegare, helst i 1-2 klasse, i staden for 3-4 klasse som i dag. Skulane må igjen innføre den gode gamle «symjeknappen», som vi hadde for ein del år tilbake.  Alle elevar må vise læraren at dei faktisk kan symje og drive livberging. Om ikkje, må dei få meir og tilrettelagt undervisning. Om vi innfører ein eigen symjepott for vidareutdanning for lærarar, kan vi og sikre betre kvalitet i symjeundervisninga. Spesielt vil det vere gunstig om vi fekk dette til i eit samarbeid med idretten.

 

Tilgang til symjeanlegg er i fleire kommunar framleis dårleg.  Mange av symjeanlegga i Norge er frå 1960 talet. Ein stor del av desse treng utskifting.  Derfor må vi forsterke dagens tilskotsordningar for symjeanlegg, og aller helst opprette eigne tilskotsordningar der symjeanlegg vert prioritert. Sidan dette ofte er dyre investeringar, bør Staten garantere 1/3- del av kostnadene ved nybygg.

Samstundes bør vi setje i gang eit systematisk arbeid for å ta i bruk modulbaserte løysingar for å redusere prosjektkostnadene ved nybygg.

 

Å betre anleggsituasjonen vil  saman med ei styrka undervisning kunne snu den dystre statistikken, og gjere oss til ein symjenasjon -  også for barn. Det bør vere eit realistisk mål at i løpet av 5 år skal alle 10-åringar i landet vere symjedyktige.