Meny

Kom med innovasjonspengar

Sist endret: 16.03.2017 #Oppland
Onsdag kom kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete (Sp) med 1,5 millionar kroner i tilskot til Høgskulane i Lillehammer og Gjøvik, som skal nyttast til å utvikle eit innovasjonsstudium for or kommunalt tilsette i heile landet.

- For at regjeringa skal nå sitt mål om at kommunane skal tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester i framtida som i dag, må kommunane tenkje nytt. Det skjer nyskaping og fornying i kommunane våre kvar einaste dag, og det må halde fram, sa statsråden da ho kom til Høgskulen i Lillehammer. 

Blant mange gode søkjarar om tilskotet, vart søknaden frå Høgskulen i Lillehammer og Gjøvik vurdert å vere den beste. Innovasjonsstudiet skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap om innovasjonsprosessar i kommunane. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.

– Skulane viser god innovasjonskompetanse, og presenterer eit opplegg som verkar svært relevant for kommunesektoren, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Les meir på gd.no