Meny

Kommunalt sjølvstyre

Sist endret: 16 03 2017
H, Ap, FrP, Ve og KrF går til val på bruk av tvang for å slå saman kommunar. Eit regjeringsskifte kan totalt forandre kommunekartet i Hordaland, skriv Kjersti Toppe

 Kommunalt sjølvstyre

 H, Ap, FrP, Ve og KrF går til val på  bruk av tvang for å slå saman kommunar.  Eit regjeringsskifte kan totalt forandre kommunekartet i Hordaland.  Vi treng «større og sterkare» kommunar er gjerne forklaringa.  Men kva er «større og sterkare» kommunar? I Hordaland har halvparten av kommunane mindre enn 5000 innbyggjarar. Er alle desse «små og svake»? 

.Ser vil til den «største og sterkaste» kommunen i Hordaland, Bergen, er kvart fjerde skulebygg ikkje inneklimagodkjent. På grunn av neglisjering av vedlikehald må  barn gå på skule i helsefarlege bygg, eller bussast vekk frå nærmiljøet til annan skule.  Samhandlingsreforma blei av mange spådd ei dyster framtid i småkommunar fordi ein trudde desse ville stå utan ressursar og kompetanse til å ta det nye ansvaret. Dei tok feil. Småkommunar er sterke på samhandlingsreforma. Dei er flinkast til å ta imot utskrivingsklare pasientar.  Det er Bergen som er svak i vest, Oslo i aust.. Eg tippar Bergen blir den aller siste kommunen i Hordaland som får på plass det lovpålagte tilbodet om kommunale øyeblikkelig-hjelp-døgnsenger.  I Fusa og Os har dei etablert dette for lengst. 

 Senterpartiet er ikkje mot kommunesamanslåingar. Men endringar av kommunegrenser må skje frivillig. Vi har tiltru til lokale folkevalte og at innbyggarane veit sitt eige beste. Det er eit paradoks når Høgre og andre parti fremjar forslag om å grunnlovsfeste lokaldemokratiet og  kjempar mot fylkesmannen si overprøving av kommunale vedtak-  samstundes som dei med tvang vil slå kommunar saman. Det heng ikkje i hop. Dei ropar høgt om lokalt sjølvstyre i skjenkepolitikken, men synes det er greitt at staten bestemmer om kommunen deira skal bestå.  FrP vil ha folkeavstemming om bompengar men vil la Stortinget trosse folket i spørsmål om kommunestorleik. Partia er i ein demokratisk spagat. 

 

Det kan vere fornuftig å slå saman kommunar. Men baksida av medaljen kan vere sentralisering av velferdstilbod, meir byråkrati og mindre demokrati.  Erfaringane frå den store kommunestrukturendringa i Danmark er at storkommunane ikkje vart billegare å drifte, men tvert om blei det meir byråkrati. Det som ein kan spare pengar på , er sjølvsagt sentralisering av tenestetilbodet. Men er dette eit poeng? I Hordaland er det i dag 849 lokalpolitikarar. Dersom det vert større kommunar, er det realistisk at opp mot  ¾-delar av desse forsvinn. Vil dette gi betre tenester i Hordaland? Avstanden mellom folkevalte og innbyggjarane vert større.

 

Dette stortingsvalet er eit val om kommunekartet i Hordaland. I Hordaland er det  svært mange små kommunar som mange parti nok vil slå saman. Eg vil utfordre dei andre partia som stiller til val i Hordaland å vere tydeleg før valet kvaslags kommunar dei vil slå saman. Skal det vere ein Hardangerkommune, ein kommune i Nordhordland, ein i Sunnhordland, ein  vest for Bergen osv? Eller kva skal resultatet vere. Det må partia synleggjere før valet. Senterpartiet er for lokalt sjølvstyre. Det er kommunane sjølv som å avgjere kommunesamanslåing, etter folkerøysting.

 

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant, Senterpartiet