I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga om folkehelsa ”God helse – felles ansvar”. Meldinga set fram tre mål for folkehelsearbeidet:
- Noreg skal vere mellom dei tre landa i verda som har lengst levealder
- Innbyggjarane skal oppleve fleire leveår med god helse og trivnad og reduserte sosiale helseforskjellar
- Me skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga
- Skal me nå desse måla, krev det godt arbeid i kommunane landet rundt. Frå regjeringa si side vil me samarbeide tett med KS for å få det til. Me skal bidra til kompetanseheving i kommunane og at kommunane har kunnskap om helsetilstanden i sin kommune. Me er dessutan opptekne av at kommunane skal lære av kvarandre, seier Navarsete.
Gode helsetenester på helsestasjonar og skulen, vil gje godt grunnlag framover. Det same vil det å leggje grunnlag gjennom fysisk aktivitet i skulen.
Statsråden legg dessutan vekt på at samarbeid med frivillig sektor og næringslivet vil bidra positivt til folkehelsa.
- Og så handlar det om å gjere folk medvitne. Å vere i aktivitet 30 minuttar om dagen, gjev stor effekt på helsa. Me må gjere det enkelt for folk å ta seg tid til dei 30 minuttane om dagen. Betre gang- og sykkelvegar og trivelege nærmiljø å ferdast ute i, er nokre tiltak, seier Navarsete.
Les meir om stortingsmeldinga om folkehelsa på helse- og omsorgsdepartementet sine nettsider.