Meny
Bli medlem

Kommunen som samfunnsbyggjar

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane registrerer at stortingsfleirtalet ynskjer å tvangsreformere kommune-Noreg.

 I ei slik reform meiner Senterpartiet at grunnleggjande verdiar som folkestyre og nærleik til tenestene må liggje til grunn. Forsking syner at innbyggjarar i små og mellomstore kommunar er meir nøgde med tenestetilbodet enn innbyggjarar i store kommunar.

Mange argumenterer med at det vert rimelegare å drifte store kommunar enn små. Erfaringar frå Danmark si nyleg gjennomførte kommunereform viser at dette er langt ifrå sanninga. Senterpartiet meiner at forkjemparane for kommunereforma må innsjå at endring av kommunegrenser ikkje fører til endra geografi. Senterpartiet krev at debatten framover vert basert på folkevilje, friviljugheit, forsking og kunnskap.

Uttale frå fylkesårsmøtet 1. mars, Balestrand