Meny

Kommunereforma: Det er storleiken det kjem an på !

Fylkesårsmøtet vedtok å kjempe for levande bygder, grøne byar og små skilnader

Det er storleiken det kjem an på !

Ein relativt finmaska kommunestruktur bidreg til tryggleik for tenester, verdiskaping og levande folkestyre i heile landet. Det er og ein nødvendig føresetnad for å ta heile landet i bruk.

Sp vil at ressursgrunnlaget skal utnytast, og folk skal ha valfridom til å leva der ein ynskjer. Difor seier Sp klart nei til H/Frp regjeringa si tvangsreform om kommunesamanslåing.

Det bles ein blå/blå gigantomani over landet. Store sjukehus, store kommunar, store skular, store bønder, store politidistrikt osv. Det skal gjere Norge «robust og moderne»

Sp meinar det er på tide å stille spørsmålet om store einingar er svaret på utfordringane i kommunenorge og det offentlege elles.

Kva seier samfunnsvitenskapleg forskning om storleik og struktur?(Ødegard, professor i samfunnsvitenskapleg forskning/ledelse universitetet i Agder/UC-Berkeley)

  • Auka storleikar fører til fleire hirakieske nivå.
  • Auka formalisering, dvs. reglar og rutinar-mindre personleg kontakt
  • Auka administrasjon og makt til byråkratiet
  • Auka avstand og påverknadsmogelegheiter-

Om endring og samanslåing av organisasjonar seier forskninga dette:

  • Nær 70% av alle samanslåingar er mislukka
  • Altfor optimistisk anslag av effektar
  • Manglande forståing av kostnader knytt til samanslåing og kulturskilnader.
  • Oftare resultat av individuelle ynskje om makt og handlekraft enn faktiske behov.
  • Svært vanskeleg å slå saman/endre organisasjon gjennom reformer.

Ut frå dette kan ein slå fast at storleik og struktur på ingen måte er svaret på utfordringane kommune Norge og det offentlege står overfor. H/Frp regjeringa si kommunereform og forslag til nytt inntektssystem er derimot ein strategi for tvang og gigantomani.

Inntektssystemet skal som kjent sikra effektiv og rett finansiering av kommunane, utjavna skilnader og kostnader i heile landet, og ivareta regional utvikling.

Denne målsetjinga bryt den blåblå regjeringa med i framlegg til nytt inntektsystem. Der flytter dei pengar frå små og mellomstore kommunar(20-30 000innb) til dei aller største. Dersom kommunar ikkje slår seg saman vert ein straffa økonomisk.

I Hordaland vil 27 kommunar tape på omlegginga. T.d i Hardanger vil ein på sikt tape om lag 90 mill årleg. Det betyr dårlegare tenester og mindre utvikling i regionen.

Kommunereforma og inntektssystemet er ei storstila sentralisering av makt og kapital, med auka skilnader og redusert mogelegheit for folk flest til å påverka sin eigen kvardag, som resultat. Dette er ei retning som Sp vil kjempe imot.

Sp vil kjempe for levande bygder, grøne byar og små skilnader gjennom:

  • Å sikra eit mangfoldig kommunenorge med økonomisk tryggleik til både små og store kommunar i nytt inntektssystem.
  • Ei evt. endring av kommunegrenser skal skje ut frå at folk lokalt ynskjer det, gjennom folkeavstemning, ikkje av økonomisk tvang og blåblå gigantomani.
  • I ei evt. ny regjering i 2017 oppheva alle samanslåingsvedtak basert på tvang.