Meny
Bli medlem

Kommunereformen - utgått på dato 2017!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Sanners ris bak speilet er forslag om tvangssamanslåing. Det riset vil han nok nødig at nokon skal sjå. Det vert ikkje eit effektivt verkemiddel når det skal takas fram våren 2017. Det må eit flertall i Stortinget til for å få nytte av det. Me lyt vone Venstre og KrF meiner alvor når dei understrekjar så sterkt at frivilligheten skal rå. Arbeiderpartiet blir tydeligare for kvar dag som går: Tvangssamanslåing er uaktuelt og å bruke inntektssystemet for å tvinge kommunar saman, er uaktuelt. Vedtak om tvangssamanslåing vil bety at parti som har lova frivillighet, svik løfta sine til veljarane. Det vil ikkje ta seg godt ut tre månader før stortingsvalget. Ei tvangssamanslåing våren 2017 blir mykje vanskelegare å gjennomføre enn tvangsflytting av Krekar. Og, Sanner gløymer å opplyse om at reformen er datostemplet: «utgått på dato september 2017». Senterpartiet er klar for debatten!

 

Det er fleire sider ved regjeringas hastverk i arbeidet med kommunesanering det er grunn til å reagere på. Fylkesmannsembeta er statens forlenga arm i regionane. 

Statsråd Sanner har misbruka statens styring av fylkesmennene ved å gjere dei til sine frontsoldater i arbeidet med å tvinge gjennom sin modell for kommunesamanslåing. Med bakgrunn i eit brev frå fylkesmannen i Troms til Gratangen kommune, der Sanner stilte krav om ny kommunestyrebehandling fordi fylkesmannens påbod om gjennomføring ikkje var blitt fulgt, tok Heidi Greni (sp) saken opp i Stortinget.

Spørsmålet til Sanner var kva juridisk heimel fylkesmannen har til å overprøve eit kommunalt vedtak om lokal prosess i kommunereformarbeidet.  Sanner måtte medgi at det ikkje finnas ein slik heimel.  Kommunane vert styrt gjennom lov, og ikkje gjennom merknader fra Stortinget, slik Sanner har lagt til grunn.  Nå har han erkjent at sidan det ikkje er gjort noko lovvedtak om gjennomføring av kommunereformen, er det opp til kommunane å velge form på dei lokale prosessane. 

Sanners ris bak speilet er forslag om tvangssamanslåing. Det riset vil han nok nødig at nokon skal sjå. Det vert ikkje eit effektivt verkemiddel når det skal takas fram våren 2017. Det må eit flertall i Stortinget til for å få nytte av det.