Meny
Bli medlem

Kommunesamanslåing - kva er viktigast?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark#Sogn og Fjordane
Debatten om kommunesamanslåingar er i full gang etter at regjeringa tidlegare i år fremma kommunereformen som sitt prestisjeprosjekt . Problemet er at det er først til neste vår at me får vita kva regjeringa meiner om framtidige oppgåver for dei nye og «robuste» kommunane. Diskusjonen om kommunesamanslåing blir difor som å bygge eit hus utan at me veit kva funksjonar huset skal ha. Senterpartiet vil ikke frede dagens kommunestruktur, men endringen må skje ut fra lokale behov. Det lokale folkestyret forvaltast av innbyggjaranei kommunane våre, ikkje av rikspolitikarane, skreiv Henry Mæland, Sp sin ordførarkandidat i Seljord

 

Det er viktig at kommunesamanslåing bygger på frivillighet, ikkje på tvang slik regjeringa trugar med. Me meiner folket i dei kommunane som blir berørt sjølve må avgjere.  Me må ikkje la oss forføre av tanken om at størst er best og at rikspolitikarane veit betre enn folk flest og lokalpolitikarane. Me må ikkje gløyme at offisielle innbyggarundersøkingar  viser at det er innbyggarane i dei små kommunane som er mest nøgde med skule og eldreomsorg. Også på dei tenesteområda som krev spesial-kompetanse, som for eksempel barnevern, kjem dei små kommunane like godt ut som dei store. Dette er bl.a. eit resultat av at mange små kommunar har lykkast med å organisere ein del inter-kommunale tenestar som fungerer godt. Men me ser også område som for eks.  næringsutvikling der næringslivet ynskjer seg eit tyngre innovasjonsmiljø. Her ser me at utdanningsnivå, alders-samansetning og nivået på kommunen sine inntekter er betydeleg viktigare enn folketalet i seg sjølv.

Det er ikkje tvil om at norske kommunar har utfordringar. Og då er det lett å rope på strukturendringar. Og  politiske leiarar kastar seg på for raskt å kunne vise handlekraft.  Men utfordringane er komplekse . Er det eigentleg kommunegrensene eller strukturen som er største utfordringa ? Kommunane har siste tiåra fått monaleg større ansvar for velferdsoppgåver. Staten har delegert oppgåver innan fleire myndighetsområde. Problemet er at staten har ikkje fylgt godt nok opp med tilstrekkeleg finansiering av oppgåvene.

Den skrantande kommuneøkonomien gjer at kommunen mister handlingskraft i høve til viktige oppgåver  og ansvarsområde.  Dette må staten ta ansvar for, dette går på fordeling av ressursar mellom nasjonalt og lokalt nivå.  Det er eit paradoks at politikarane på nasjonalt nivå nærast kan velte seg oljepengar medan kommunane må spare på blyantar i skulen. Strukturendringar vil ikkje endre på dette. Staten må ha vilje til å finansiere godt nok dei velferdstenestane som er lagt  til kommunane. Det er desse tenestane som er viktigast  for folk flest. KS- leiar Gunn Marit Helgesen (H) seier i klare ordelag at kommunane er underfinansiert. Likevel er det ingen signal i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett at finansieringa av kommunane skal styrkast. Regjeringa prioriterer  heller  skattelette for dei rikaste.

Kommunegrenser er også eit spørsmål om lokaldemokrati, kultur og identitet. Me merkar oss granskingane som viser at innbyggarane sin medverknad og tilfredshet er størst i dei små kommunane. Likevel er ikkje Senterpartiet mot kommunesamanslåingar. Me vil møte nye utfordringar i framtida som gjer at me også  må vere opne for å drøfte struktur. Men Senterpartiet  meiner me først må  klarlegge kva oppgåver og roller kommunane skal ha i framtida før me kan avgjere struktur og organisering. Kommunereforma vedkjem primært innbyggarane lokalt og det er dei som må avgjere. Difor er det viktig at folk flest engasjerar seg i debatten rundt framtida til kommunane. Difor blir kommunereforma også eit viktig tema som Seljord Senterparti ynskjer å debattere på sitt årsmøte.                                                                               Henry Mæland, ordførarkand Seljord SP