Meny
Bli medlem

Kommunestruktur, ei viktig sak i 2013

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Valet til hausten kjem til å handle om fleire viktige ting. Nokre kallar det eit verdival, nokre kallar det eit vegskifte, andre seier valet berre handlar om kven som får lov å kalle seg statsminister

 Men for oss som er opptekne av god distriktspolitikk kan i det minste bite oss merke i at kommunestrukturen før og etter 2013 kan bli totalt forandra.

Vi har denne våren vore vitne til at opposisjonspartia Høgre og Framstegspartiet nok ein gong vedtek svært klar politikk om kva angår kommunestruktur. Begge partia har vedteke i sine program at kommunekartet skal endrast. Tvang skal brukast og gulrøter skal freiste. Ein av Erna Solberg sine våte draumar frå forrige gong ho var kommunalminister kan gå i oppfyllelse. Den gong med ei mindretallsregjering Sentrum-Høgre, kom ho farleg nær fleire kommunesamanslåingar med økonomisk svelteforing av kommunane. I perioden 2001-2005 var det fleire kommunar enn nokon gong som havna på robek-lista, og kommunesamanslåing har aldri vore så aktuelt i Sogn og Fjordane som i siste halvdel av Bondevik II. Denne gongen ligg det, i verste fall for kommunane i Sogn og Fjordane sin del, ann til ei fleirtalls regjering Høgre-FRP, og Erna er den soleklare statsministerkandidaten i dette samarbeidet.

Svartmåling er noke eg vert beskylda for når eg fremmar desse synspunkta i møte med representantar frå Høgre og FRP. Og ja, det kan godt hende målinga er svart. Men eg strevar vertfall med å finne muntrefargar når eg ser ned i malingsspanna, som er Høgre og FRP sin programfesta politikk. Likevel kan eg prøve å argumentere objektivt.

Det er ei kjennsgjerning at Høgre og FRP meiner at små kommunar er ineffektive. Det kostar rett og slett for mykje å ha få folk spreidd over eit stort geografisk område. Det er rein logikk. Det som ikkje er logisk er kor ein skal hente innsparingane ved å slå saman to små kommunar til ein litt større, men framleis liten kommune. Eller det vil seie om ein kan få kommunen til å bli så stor at den mistar småkommunentilskotet, så vil jo staten spare ca. 5 millionar kr med dagens ordningar for småkommunetilskot. Dette er jo ei synleg innsparing, likevel tilseier sunn fornuft at det kostar nokre kroner meir å ha folk buande i Solund enn t.d. Førde. Då blir spørsmålet om Høgre og FRP faktisk ynskjer at det skal bu folk 2 mil inn i Naustedalen, eller om dei indirekte, med kommunesamanslåing, ynskjer ei sterkare sentralisering.

Men det er ikkje berre små kommunane FRP og Høgre vil slå saman om vi skal tru representantane deira. Fleire gonger får vi servert premiss om at ein idealkommune bør vere minst like stor som den største kommunen i Sogn og Fjordane. Det er til og med dei som meiner at Sogn og Fjordane fylke er ein passeleg stor kommune. Vi som bur i fylket, veit ein ting eller to om avstandar. Vi veit også litt om kva som er naturlege bu- og arbeidsregionar. Det er store skilnadar demografisk vis, til dømes mellom Ytre og Indre Sogn. Vi kan tenkje oss sjølv korleis den lokale skulestrukturen hadde vore om det var eit kommunestyre tilsvarande dagens fylkesting, som skulle handtere barne- og ungdomsskulen i heile fylket. Noko som i dag er eit ansvar kvar enkelt kommune har.

Er det i grunn problem i det heile at Høgre og FRP ynskjer større kommunar? Nei, ikkje for folk flest. Folk flest bur som kjent i det sentrale austlandsområdet og i store byar langs kysten. Og det er nok her Høgre og FRP ynskjer å satse for å få velgjara. Men dei vil jo heller ikkje innrømme kva som er konsekvensane for små kommunane. Det er jo i bunn og grunn ein god strategi i denne saka. Det vert då opptil meg som distriktsforkjempar og Stortingskandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane å snakke om kva utfordringar Sogn og Fjordane kjem til å møte med ei blå-blå regjering.

Min påstand er at vi ikkje behøver tvang. Kommunane, sjølv dei små, tilbyr innbyggarane gode tenester. Dei robuste grunnskulane i fylket skårar bra på nasjonale testar. Og i kåringar frå bl.a Dagens Næringsliv er fleire kommunar i Sogn og Fjordane høgt på lista over Noregs beste kommunar å bu i. Eg har ikkje lyst til at dei små kommunane skal bli «effektivisert». Ei undersøking frå Difi som har spurt 12.000 nordmenn kor nøgde eller misnøgde dei var med dei kommunale tenestene i sin kommune, var resultatet eintydig. Det er dei som bur i kommunar med under 5000 innbyggarar som er mest fornøgde med dei kommunale tenestene. Minst nøgde er innbyggarane i dei fire store bykommunane Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.

Konklusjonen må vere at kommunesamanslåing ikkje skal vere eit mål i seg sjølv, folk i distrikta bør her stå samla i mot det Blå alternativet.

Erlend Herstad
Leiar, Sogn og fjordane Senterungdom