Meny
Bli medlem

- Kraftinnsprøyting til næringslivet

Sist endret: 27.09.2020
- I dag gjev vi ei kraftinnsprøyting til det fastlandsbaserte næringslivet, og særleg til industri og dei små og mellomstore verksemdene, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Senterpartiet har vore uroa  for konkurransekrafta til deler av næringslivet. Særleg har produserande konkurranseutsett industri hatt utfordringar. Regjeringa presenterte i dag ein omfattande skattepakke for å møte situasjonen.

 

- Vi har sett saman en draumecoctail for det produserande Noreg, for små og mellom store verksemder. Vi reduserer no skatten for selskap, reduserer skatten på næringsinntekt for personleg næringsdrivande, innfører ei ekstra startavskriving for maskiner og styrker verksemdene si mulegheit til å satse på forsking- og utvikling (FoU). Verksemdene vil med dette spare meir enn 3 milliardar kroner i skatt i 2014. I sum vil dette auke verdiskapinga og styrke konkurransekrafta til tusenvis av verksemder i heile Noreg, seier Navarsete.

 

- For Senterpartiet er det viktig at inntekter som vert skapte  i Noreg skal skattast av her. Eg er derfor glad for at vi no stramar til i dei store fleirnasjonale selskapa sine mulegheiter til å sjonglere mellom skattesystema i ulike land, seier Sp-leiaren.

 

Regjeringa varsla i dag  at det frå neste år skal innførast reglar som gjer at tilgongen til å få frådrag for renteutgifter til selskap i same konsern i andre land vert kraftig avgrensa. Dermed må ein større del av inntektene som vert skapte i Noreg også skattast av her.

 

- Med dette sikrar vi omlag 3 milliardar kroner meir til fellesskapen, seier Navarsete, som viser til at regjeringa vil arbeide for å tette fleire skattehol framover.