Meny
Bli medlem

Kraftsamling i Sogn og Fjordane!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Folk i Sogn og Fjordane vakna i 2014 opp til at fylket var fjerna frå kartet i ein rapport regjeringa hadde bestilt frå Møreforsking. Dette fekk både ungdom og folk i heimfylket til å reagere. Ungdom meinte at det var eksotisk å vere frå dette vakre fylket og var stolte over Sogn og Fjordane! Det har dei all grunn til.

I fjor feira Sogn og Fjordane 250 års jubileum. Vi er eit livskraftig fylke som trass sine 109 000 innbyggarar er ein stad der folk trivst. Her er store ressursar som kvar einaste dag vert nytta til verdiskaping. Det går ein jamn straum av trailerar over fjellet til Austlandet med resultat av denne verdiskapinga. Vi er rike på fisk og mineralar. Vi er den største produsenten av bær i landet og eit stort mjølkefylke. Våre fjordar er brukt til merkevarebygging av Noreg som reisemål. Kvar dag produserer vi rein, fornybar straum til innbyggarane våre, og til dei store byane på Austlandet. Kvart år blir det produsert heile 14 Twh her. Våre gründerar hevdar seg i landstoppen, og er dei som klarar seg best fram til etablerte bedrifter.

Born og ungdomar trivst i skulen og ligg i landstoppen både på gjennomføring og skuleresultat. Desse skal framtida byggast på. Dei legg sitt grunnlag her i fylket. Våre innbyggarar har god helse. Vårt fylke har nokon av dei beste levekårstatistikkane. Vi har låg kriminalitet og gode og trygge lokalsamfunn. Høgskulen leverer godt utdanna fagfolk både til fylket og landet, og er berømt for sitt gode studentmiljø.

Sogn og Fjordane er eit ressursrikt fylke med livskraftige bedrifter. Vi er eit fylke der folk kan utfalde seg og ta i bruk sitt potensiale. Vi har ulemper gjennom store avstandar og utfordrande geografi, men dette vert ikkje retta opp i ved å flytte grenser. Dette vert betre ved å bygge vegar, utvide bu- og arbeidsområde og ha eit velfungerande flytilbod. Innbyggarane i Sogn og Fjordane har gjennom hundrevis av år synt at dei maktar å ta i bruk fylket på trass av fysiske utfordringar. Vi bur eit region som lever i beste velgåande og som vil levere våre bidrag til utvikling og verdiskaping i AS Noreg i fleire hundre år til. Vi må bruke våre fortrinn til å bygge framtida med målbevisst strategi.

Dei sentraliserande kreftene som vil flytte makt og tenester bort frå fylket vårt er svært sterke. Dei treng slett ikkje hjelp og aktiv bortforklaring frå våre eigne folkevalde. Vi treng folkevalde som står samla og som med felles røyst kjempar for rettferdig fordeling av fellesskapet sine goder, kjempar for å reduserer avstandskostnadene og set i verk tiltak som gjev like konkurransevilkår. Vi treng pengar til vegbygging, rassikring, høghastigheits breiband, risikokapital og ei høgst rettferdig utjamning av nettleiga.

Eg håpar 2015 kan bli året der vi står samla om viktige saker for Sogn og Fjordane. Eg håpar at vi i 2015 kan tale med ei røyst overfor nasjonale myndigheiter. Det er berre gjennom strategisk arbeid, alliansebygging og samling det er mogeleg å vinne viktige kampar i ei tid med sterke sentraliserande krefter.