Over 40 prosent av Kommunal- og regionaldepartementet sine publikasjonar er på nynorsk. Det syner språkstatistikken til Kulturdepartementet.
Lova krev at det over tid skal vere minst 25 prosent av kvar målform i offentlege dokument. For å måle dette, har Kulturdepartementet sortert dokumenta i tre grupper: ”proposisjonar og meldingar til Stortinget”, ”andre dokument av mindre omfang” og ”andre dokument av større omfang”.
Statistikken syner at Kommunal- og regionaldepartementet er einaste departementet med over 25 prosent nynorskdel i alle dei tre kategoriane.
Kommunal- og regionaldepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet tronar øvst på statistikken, med eit vekta gjennomsnitt på over 40 prosent nynorsk. Fem andre departement har eit snitt på over 30 prosent, medan ti departement ligg under minstegrensa på 25 prosent.
- Eg vil sende ei oppmoding til statsrådane i departementa som ligg under minstegrensa på 25 prosent om å ta tak i dette og sikre at fleire dokument vert lagt fram på nynorsk. Eit levande nynorsk språk må brukast i det daglege, seier Navarsete.
Du kan sjå oversikt over alle departementa her: Språkstatistikk for departementa (pdf)