Meny
Bli medlem

Krev betre kvardagsvegar i vest-Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartilaga i Vest-Telemark er svært glade for at Senterpartiet har fått gjennomslag for 100 millionar til kvardagsvegane i fylket. Dette vil bety mykje for innbyggjarar og næringsliv, sjølv om det ikkje er rom for så mange prosjekt.

- Vi meiner det er viktig å stå samla rundt vegprioriteringar, og forventar utteljing for det, seier leiar i Tokke Senterparti Olav Urbø, som på vegne av Senterpartilaga i Vest-Telemark krev at Varlandsvegen i Vinje og Lårdalsvegen i Tokke vert tilgodesett når fylkespolitikarane skal prioritere bruken av dei 100 millionane.

Urbø og Senterpartiet meiner og at det er på tide med ei nasjonal fylkesvegpakke for å ta att etterslepet. - Dette er ei svært viktig sak for oss inn mot Nasjonal Transportplan. Vi har mange vegar som treng opprusting, avsluttar Urbø.