Meny

Krev pengar til rovdyrfelling

23 av Oppland sine 26 kommunar krev meir pengar til kommunale jaktlag. Meir enn halvparten av midla i fylket er brukt opp.
Starten på beitesesongen i Oppland har vore prega av enorme rovdyrtap. Det har ført til at potten med pengar til dei kommunale jaktlaga snart er tom, 23 opplandskommunar krev no meir pengar frå Miljøverndepartementet.
 
Les saka i Nationen her.

Allereie 29. juli sendte ordførarane i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron brev til Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, med krav om at det må følgje pengar med når det blir gitt fellingsløyve på rovdyr. 

Brevet til Miljøvernministeren vart sendt samband med at gjennomføringa av fellingsløyvet på jerv i Skåbu sto i fare for å måtte avsluttast på grunn av mangel på pengar. 

"Rovdyr gjer akkurat nå stor skade i dei midtre delane av Gudbrandsdalen. Skadeomfanget er stort og aukande. Det er gitt fellingsløyve på jerv og bjørn, både på aust- og vestsida av dalen. Felling krev økonomiske ressursar til å betale fellingslaga for det arbeidet dei gjer. Vi er nå i ein situasjon der det er gitt fellingsløyve, medan det ikkje er stilt nødvendige midlar til disposisjon for å gjennomføre fellinga,  Dette aksepterer vi ikkje. Både av omsyn til dyrevelferd, til næringsliv og til dei menneske som er ramma. Fellingsarbeidet må gjennomførast utan opphald, til skadevaldaren er avliva.Vi krev difor at Staten så snøgt som råd avklarar at det vil bli gitt økonomisk kompensasjon for gjennomføring av dei fellingsløyve som Staten gir", skriv dei tre ordførarane i Midtdalen, Olav Røssum, Ole Tvete Muriteigen og Erik Odlo i brevet.