Meny

Kultur er å vere

Sist endret: 16 03 2017
Gjennom kulturarenaer gjev vi ungdommen ein stad dei kan dyrke sitt talent eller finne ut kva talent dei har. Ein arena der dei kan meistre samtidig som dei finn fellesskap og samhald

Har hatt gleda av å arbeide med musikalprosjekt I 10. klasse ved Skjåk ungdomsskule i snart 15 år. Den gleda ungdommane viser når dei meistrar å stå på ei scene og synge, spele, ha nokre replikkar, snikre kulissar, sy kostymer eller ikkje minst får tak i sponsorar kan du ikkje kjøpe for pengar. Det er vanskeleg å setja karakter på det, for det handlar om å vere!

Har hatt gleda av å sjå mange russerevyar ved Lom vidaregåande skule. Å sjå den utviklinga elevane har hatt på tre år og det samhaldet, engasjementet og stoltheita ungdommen får og viser etter førestillingane finn du ikkje i eit klasserom med matteundervisning eller under pugging av engelske gloser, for det handlar om å vere!

Har også hatt gleda av å sjå mange musikalar i Nord-Gudbrandsdalen der ungdommar frå heile regionen og Midt-Gudbrandsdalen er med. Å sjå dei banda som desse ungdommane binder seg imellom og den inkluderinga og profesjonaliteten dette viser, finn du ikkje i eit kommunestyre eller i eit fylkesting. Dei erfaringane dei får gjennom innøvingsperioden og framsyning, handlar om å vere!

Vi har utvikla eit samfunn der alle skal målast og testast og der alle skal gjennom same mølla med skjemaer og prøver for å få ein «sluttsum». Gjennom kulturarenaer gjev vi ungdommen ein stad dei kan dyrke sitt talent eller finne ut kva talent dei har. Ein arena der dei kan meistre samtidig som dei finn fellesskap og samhald du aldri klarer å skape i eit klasserom på same måten. Det er rett og slett ubetaleleg.

På siste musikal i Nord-Gudbrandsdal, som var no i april, vart tidlegare deltakarar intervjua. Den gjennomgåande tonen var at dei gjennom musikalane fann eit felleskap og ein arena som utvikla dei som menneske. Dei fekk ei erfaring som gjorde dei tryggare og som har gjort dei betre rusta for livet.

Vi treng sjølvsagt dei vanlege faga i utdanninga vår, men vi treng også å kjenne at vi meistrar og er ein del av eit lag. Det handlar om å leve, det handlar om å gje, det handlar om å lære eit samspel med andre som du treng heile resten av livet gjennom å delta på kulturarenaer. Dette skapar god folkehelse der ein utjamnar sosiale helseforskjellar. Det er like viktig med trivsel og gode relasjonar som med fysisk aktivitet.  

Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet! Og kultur er noko av svaret!

Aud Hove

Oppland Senterparti