Meny
Bli medlem

Kulturløftet III

Sist endret: 27.09.2020 #Hedmark
Å satse på kultur er ein sjølvsagt og viktig del av distrikts- og regionalpolitikken, sa Liv Signe Navarsete under lanseringa av Kulturløftet III søndag 11/8.

Breddekulturen er grunnmuren i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Skal me få fram dei beste talenta og dei beste kunstnariske uttrykka treng me engasjement i alle lokalsamfunn.  Kulturen må lære av idretten.  Vi hadde ikkje hatt ein Petter Northug eller Therese Johaug utan breddeidretten, sa Navarsete.

Attraktive lokalsamfunn er ein sentral føresetnad for å nå måla om spreidd busetjing og fridomen å busetje seg der ein vil. Kultur har me glede av heile livet. Skal me skape attraktive lokalsamfunn, treng me eit rikt kulturtilbod til folk i alle aldrar – barn og ungdom, yrkesaktive og eldre. Eit rikt og variert kulturtilbod er viktig for at både tilflyttarar og dei som allereie bur der, kan trivast og bli buande. Lokalt kulturliv er viktig for lokal tilknyting og lokal identitet.

Me ser frå resultata av dei føregåande kulturløfta at det nå er behov for eit lokalt kulturløft. Me treng ei jamnare geografisk fordeling av kulturmidlane og ei styrking av dei lokale kulturinstitusjonane.

Dei lokale grunnsteinane i kulturformidling og kulturtilbodet må også få ta del i den veksten innan kultursektoren som me har opplevd sidan 2005.

Det er folk som skapar og utviklar attraktive lokalsamfunn. Kulturen sin grunnmur omfattar også dei menneska som bur, lever og verkar i lokalsamfunn over heile landet, store som små.

Eg vil særskilt trekkje fram følgjande tiltak i Kulturløftet:

  • Folkebiblioteka er ein av dei sentrale kulturformidlarane i distrikta. Biblioteket er ein møteplass og vi ser at innvandrere til Noreg brukar biblioteket aktivt.   Det er viktig å sikre god kvalitet på dette kulturtilbodet som er gratis for alle. Regjeringa vil utvikle ein nasjonal strategi for biblioteksektoren og styrke folkebiblioteka si formidlingsrolle.
  • Kulturskulen er ein viktig  arena for utforsking og utvikling av små og store talent. Det er først og fremst her barn og unge får høve til sjølve å bli kjende med og prøve ut ulike kunst- og kulturformer.
  • Me vil styrke kulturskuletilbodet i heile landet og leggje til rette for kvalitet og likeverdig innhald. Me vil også påskjøne kommunar som satsar på sosial utjamning og fagleg styrking av kulturskulen.
  • Regjeringa vil jobbe for å utvikle fleire arenaer for kulturutøving og kulturformidling. Me vil leggje til rette for fleirbruk i kulturbygg, bidra til gode øvingslokale og etablering av fleire regionale visningsarenaer.
  • Kulturelle spaserstokken – Vi skal heller ikkje gløyme dei vidare fasar i livet. Nye impulsar og inntrykk kan vere stimulerande også for folk i yrkeslivet og i pensjonisttilveret. Vi vil jobbe med å vidareutvikle både den kulturelle spaserstokken, og den kulturelle nistepakka retta mot næringslivet.
  • Språk er kjernen i kultur. Vi vil gjennom Kulturløftet styrke nynorsk og bokmål som likestilte språk.

Kulturbasert næringsutvikling er i vekst i Noreg.  Og veksten er størst i områder med spredt bosetning.   Ikkje minst i desse områda ser vi unike opplevingar veks fram i samspel mellom  spelemannslag, barn i kulturskulen og aktiv teaterlag. 

Regjeringa syner at me vil styrke kulturnæringane både her med kulturløftet og i handlingsplanen for kulturnæringar som me lanserte i mars. Det vil me mellom anne gjere ved samordning av støtteordningar og styrka samarbeid med ulike næringsaktørar, sa Liv Signe Navarsete.