Meny
Bli medlem

Kutt i pressestøtta vil føre til avisdød

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Høgre og Frp vil rasere avismangfaldet med sitt framlegg om å kutte drastisk i pressestøtta. Lokalavisene er limet i samfunnet. Når Høgre og FRP vil kutte forholdsvis 100 og 180 millionar i pressestøtta, forsvinn mange av lokalavisene. Det seier mykje om Høgre sitt syn på oss som bur i distrikta.

Pressestøtta er livsgrunnlaget for svært mange lokalaviser i fylket og i landet. Sjølv om støtta til mange lokalaviser er små, utgjer dette ofte forskjellen mellom liv eller død. Høgre vil kutte 100 millionar av pressestøtta, som i dag er på 288 millionar kroner. FrP vil gå enda hardare til verks og kutte 180 millionar.

Mange av lokalavisene i Sogn og Fjordane ville fått store utfordringar utan pressestøtta.

Eg trur ikkje Bjørn Lødemel har tenkt over korleis dette vil slå ut i vårt fylke. Norge er ikkje bedrift som eignar seg for rein marknadstenking. Norge er et langstrakt land med levende bygder og småbyer. Høgre vil fjerne verkemiddel som gjev god livskvalitet for folk, og som medverkar til å oppretthalde eit levande demokrati. Eit av desse media er lokalavisene. Høgre sitt kutt i pressestøtta er det same som å rasere det avismangfaldet vi har i dag.

Lokalavisa er ein møteplass for debattar, dialog og informasjon. Lokalavisa er ein arena der folk blir betre kjende med kvarandre og det som skjer i lokalsamfunnet. Dei som har ei lokalavis vil oppleve ein fattigare kvardag utan avisa i postkassen.

Folk må merke seg Høyre sin manglande distriktspolitikk, og den kjem ikkje berre på dette området. Høgre si sterke tru på at marknaden vil ordne opp, vil ramme dei mange hundre tusen nordmenn som bur og lever på mindre stader, i småkommunar og småbyer i heile landet som treng distriktspolitiske verkemiddel.

Høgre og FrP meiner at det skal handle om lønsemd og effektivitet. Verken Erna Solberg eller Bjørn Lødemel seier så mykje om sin distriktspolitikk. Taktikken er vel å smile seg frem til 9. september.

Senterpartiet har i har raudgrøn regjering gjennom åtte år vist i praktisk politikk at vi vil oppretthalde pressestøtta. Vi har programfesta at vi vil sikre eit mangfald av medium, og vil ha momsfritak på aviser og bøker. Senterpartiet vil ha ei sterk pressestøtte og halde på NRK som reklamefri allmennkringkastar med sterke distriktskontor.

 

Jenny Følling

Senterpartiet 2. kandidat i Sogn og Fjordane