Meny
Bli medlem

Kva Noreg vil me ha?

Sist endret: 27.09.2020
- Eit skifte til hausten vil endre Noreg. For første gong ønskjer alle partia i opposisjonen å bruke tvang for å presse fram ei gedigen utradering av småkommunane i landet vårt. For mange blir haustens val i røynda ei folkerøysting om kommunen deira skal leva vidare - om kva Noreg me vil ha.

Det sa Liv Signe Navarsete på Senterpartiets oppsummerande pressekonferanse i Oslo onsdag.

Ho opna med eit tilbakeblikk på det halvåret me har lagt bak oss. I oppsummeringa si minte Navarsete om at Senterpartiet i vinter peika ut tre saker partiet måtte ha på plass i vår: Nasjonal transportplan, jordbruksoppgjeret og kommunebudsjettet for 2014.

Dei fleste meinte me hadde kraft til å dra i land ein stor siger, men få trudde at at me skulle klare å løfte alle tre på ein kort vår. Me gjorde tvilen til skamme.

Meir enn eit retningsval
Partileiaren retta raskt blikket framover mot september, og fastslo at haustens val for nokre grupper er mykje meir enn eit retningsval: For viktige grupper er dette eit skjebneval.

For folk i distrikta står valet mellom ny satsing, samferdsle i heile landet, målretta arbeid med næringsutvikling – eller kutt i verkemidla og sentraliserande marknadsideologi.

For landbruket står valet mellom vidare vekst – eller angrep på søylene i landbrukspolitikken: Jordbruksoppgjeret, tollvernet og samvirket si rolle.

For EU-kritikarane står valet mellom ei regjering der nokon kvar dag stiller dei kritiske spørsmåla til det som kjem frå Brüssel, og som legg ned veto når det trengst – eller ei regjering som vil stå med lua i handa og ukritisk akseptere alt som kjem frå unionen.

Mest akutt meinte Navarsete dramatikken vil bli for dei som er glade i småkommunane våre.

Valet blir ei folkerøysting
- Det har no oppstått ein heilt ny politisk situasjon. For første gong ønskjer alle partia i opposisjonen å ta i bruk tvang for å presse fram ei gedigen utradering av småkommunane i landet vårt.

- Høgre har snakka om ein minstegrense på 10.000 innbyggarar. Det vil endre Noreg. Med ein slik reform vil 314 kommunar bli lagt ned. Godt over ein million innbyggarar vil få ein ny kvardag fordi dei bur i ein kommune som blir lagt ned med tvang.

- For ein fjerdepart av innbyggarane blir haustens val i røynda ei folkerøysting – for eller i mot at kommunen deira skal bestå, og om kven som skal bestemme nett dét. Senterpartiet er garantisten mot tvang og for lokalt folkestyre, avslutta Navarsete.