Meiningsmålingane spriker. Fleirtal saman med FrP er truleg Erna og Høgre sitt mareritt. Høgre vil halde alle dei fire borgarlege partia saman. Venstre og KrF vil ikkje delta saman med FrP. Det kan ende med ei blå-blå mindretalsregjering, som må forhandle med V og KrF i Stortinget. FrP vil berre støtte ei regjering dei sjølv er ein del av.
Ved å stemme på eit av dei fire i den blå leiren, veit du lite om kva slag regjering du endar opp med!
Resultatet kan få store konsekvensar for kommune-Noreg! Skatteutjamning til skattesvake kommunar kan bli reversert! Småkommunetilskotet kan bli fasa ut! Privatisering av velferdsordningar i stort omfang! Endringar i sjukelønnsordninga? Ny pensjonsreform? Store endringar i landbrukspolitikken! Skal Noreg med i EU?
Ved å stemme på eit av dei raudgrønne partia, veit du kva slag regjering du får. AP, SV og SP er tydeleg på å fortsette å ta ansvar med ein ny periode med raudgrøn regjering. Velferdsordningar, skule & utdanning, samferdsel, norsk mat, miljø og EU.
Ja til ein ny periode med raudgrøn regjering!
Telemark trenger Senterpartiet og Beate Marie Dahl Eide på Stortinget!