Meny
Bli medlem

Kva tenkjer dei blå veljarane no?

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Framfor valet i fjor haust stod vallovnadene til Høgre og Frp tett som lågtrykka utanfor kysten om hausten. Det skulle skapast ny optimisme, folketalsvekst og næringslivssatsing i Sogn og Fj. For dei som trudde på dette må statsbudsjettet vere nedslåande lesing.

Senterpartiet har i åra me sat i regjering kjempa fram store satsingar på samferdsle, styrkja kommuneøkonomi og næringssatsing i distrikts-Noreg. No går politikken i ei anna lei. Kommentatorar er tydelege på at det er dei som tener godt og har stor formue som er vinnarane. Sveinung Rotevatn ser iflg Sogn Avis få lyspunkt for Sogn og Fjordane. Kanskje også ein del venstre-veljarar er skuffa over at partiet har overlete regjeringsmakta til dei blåblå partia.

Distriktskommunar misser rammetilskot då dei må betale for auken til vekstkommunane. At kommunar med sterk vekst som Sogndal treng midlane er rett, men det gjer også kommunar som strevar med låg folkevekst og endå folketalsnedgang. Korleis skal desse kommunane verte meir attraktive for næringsliv og tilflyttarar med mindre midlar? Det er fleire kommunar enn Sogndal som har behov for auka inntekter i Sogn og Fjordane.  Dessverre vil me kome til å sjå mange kommunestyre i haust som må kutte i skule, helse og eldreomsorg.

Det store kuttet i næringsretta utviklingsmidlar i 2014-budsjettet vert følgd opp med ytterlegare kutt på 200 millionar i årets budsjett.  Til saman er 30%, eller 740 mill av midlane til kommunale næringsfond,  Innovasjon Noreg, etablererstønad og andre bedriftsretta verkemidlar fjerna i høve budsjettet til den raudgrøne regjeringa i fjor. Sogn og Fjordane har hatt mykje og god nytte av desse midlane, mange innovative etablerarar får no ei tyngre kvardag.  Det hjelper lite at også midlane til breiband er skorne ned.  Samstundes aukar regjeringa oljepengebruken med 17 mrd kroner og gir skattelette i milliardklassa til nokre av dei som har mest frå før.

Distriktsenteret, m.a. lokalisert i Sogndal har fått kutt.  Budsjettet til Innovasjon Noreg er redusert med  35 millionar. Grensa for registrering i meirverdiregisteret for næringsdrivande er auka frå 50 000 til 150 000. Bra for somme, men ikkje for nystarta vareproduserande bedrifter eller for dei med eit lite småbruk som attåtnæring.

Og kvar vart det av den formidable vegsatsinga?   Det er svært skuffande at ein ikkje startar opp E39 Bjørset-Skei. Vikafjellstunnelen er ikkje nemnd. Stadt Skipstunnell har fått ein setning utan forplikting.  65 mill til tunnelsikring i fem år blir forsvinnande lite i høve behovet fylket har for  midlar til tunnelutbetring på heile 2,6 mrd på fylkesvegnettet. Når Frp sin Frank Willy Djuvik i tillegg seier at dei 65 mill skal kompensere for nedtrekket på 234 mill for fylkeskommunen, saman med eit tilbod om å auke ei allereie svær lånegjeld er komedien komplett.

I valkampen sa Frp at det var smart å avvikle bompengeinnkrevjinga. No seier dei at dei skal krevje inn bompengar smartare.

At det ligg nokre små lyspunkt, m.a. i Opera Nordfjord og Høgskulen kan ikkje dekke over at dette er eit særdeles svakt budsjett for fylket vårt. Sogn og Fjordane er ikkje skapt for blåblå politikk som høver best for dei rikaste som bur i dei finaste husa i dei største byane.

 

Liv Signe Navarsete
Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane