Meny

Kva vil Høgre med Oppland?

Sist endret: 16 03 2017
?Ny idear og betre løysingar? var slagordet til Høgre i stortingsvalget 2013. Dette skapte stor begeistring og oppslutning ved valget og Høgre danna regjering saman med FrP. Nå er vi godt inne i det tredje året med denne regjeringa og det er grunn til å spørja seg, kva har kome Oppland til gode så langt?

Det har kome nye idear, men det har ikkje utløyst mange betre løysingar for Oppland, tvert i mot. Viktige næringar for fylket som landbruk, reiseliv og transportnæring, har fått dårlegare rammevilkår gjennom endringar i skatte- og avgiftspolitikken. Auka dieselavgift, arbeidsgjevaravgiftsauke til maksnivå for transport- og finansnæring i  arb.giveravgiftssone 2 og 3. Moms på reiseliv vart auka og det skal nå innførast flyseteavgift, noko som heller ikkje er positivt for reiselivet vårt.
Finansministeren varslar nå skattelette for større gardsbruk og auka skatt for dei minste. Er dette eit gode for Opplandslandbruket? Til helga skal statsministeren delta på Oppland Høgre sitt fylkesårsmøte på Fagernes. Da bør statsministeren fortelja valdresane kva som blir den betre løysinga for dei ved å legge ned ruteflydrifta på Leirin og forskingsstasjonen Bioforsk Løken. I tilleg skal E16 som stamveg Øst-Vest gjennom Valdres avskiltast. Vi har mista 2 politimestere til fordel for eit nytt politidistrikt styrt frå Hamar og forbrukarrådets kontor på Gjøvik blir lagt ned.

Transportetatene har nå lagt fram forslag til ny NTP i tråd med regjeringens bestilling om særleg vektlegging på samfunnsøkonomisk lønsemd. For Oppland sin del så er vi nå definert som lite samfunnsøkonomisk lønsame og må sjølve vera med å betale våre vegutbyggingar med bompenger. Korleis skal utbygging av Gjøvikbanen og InterCity fram til Lillehammer nå sikrast, når desse ikkje er prioritert?
Er alt berre negativt? Neida, regjeringa skal ha for at den har kome med enkelte positive signaler for Innlandet også. Etablering av ein bioøkonomistrategi er bra. Her har vi i Innlandet både ambisjonar og vilje til å satse. Men vi treng også at regjeringa stiller opp med økonomiske bidrag for at vi kan gjennomføre strategien. Oppland kan her skape mange nye arbeidsplassar som vil kunne erstatte deler av arbeidsplassane som nå blir borte i olje- og gassnæringa. Eg ventar med spaning på kva som bør komme frå statsministerens besøk i Oppland til helga. Det er på tide at Høgre sine lovnader om betre løysingar også kjem Oppland til gode!

Ivar Odnes
Gruppeleiar for Sp og fylkesvaraordførar