Meny

- Kvar ein arbeidsplass tel

Sist endret: 16 03 2017
I fylkestinget i dag snakka Senterpartiet sin gruppeleiar, Aud Hove, varmt om kultur, og for å oppretthalde dei kommunale næringsfonda. Du kan lese heile innlegget hennar frå RHP-debatten her.

Innimellom får eg spørsmålet: Kva driv dykk med på fylkestinget? Ja, kva skal ein seie? Vi har ansvaret for vidaregåande skule, fylkesvegar og regional utvikling, blant anna. Mange veit det, men likevel spør dei: Kva er det eigentleg dykk driv med?

Det står i innleiinga til RHP at Oppland fylkeskommune er sett til å løyse viktige samfunnsoppgåver. Det er mange og omfattande arbeidsoppgåver og fylkeskommunen skal arbeide for det beste for innbyggjarane i kvar enkelt kommune.

Vi har satsingsområda: Nærings- og stadsutvikling, kompetanse, samferdsel og samarbeid med kommunar og regionar.

At folk spør om kva fylkesskommunen og fylkestinget driv med, kan vere eit positivt teikn. At innbyggarane er godt tilfredse med arbeid, bymiljø, vidaregåande skule, vegar og tenestene dei får.

At folk spør kan også vere negativt på den måten at fylkeskommunen ikkje betyr noko for dei. Er ikkje fylkeskommunen synleg nok, nær nok? Eller er det ikkje klart kven som har ansvaret for kva. 

Poenget mitt er at eg meiner at det er viktig at fylkestinget lyttar til kommunar og regionar på kva som er viktig for dei! Dei har skoa på, men alle treng også å lyfte blikket opp frå skoa.

Vi har fokus på nærings- og tettstadsutvikling og komiteen for Kultur, miljø og næring skal nå arbeide med regional plan for attraktive byar og tettstader. Det må bli ein plan som som ikkje resulterer i at vi i etterkant må lage ein regionalplan for ikkje attraktive stader.

I vårt forslag til RHP 2014 vil vi halde fram med kommunale næringsfond, og dette er viktig for dei det gjeld. Sjølv om det i RHP står at vi skal vidareutvikling sterke bedrifts- og forskingsmiljø med nasjonalt og internasjonalt perspektiv, treng vi også dei mindre og lokale bedriftene. Kvar ein arbeidsplass tel og vi treng langt fleire. Eg har trua på at kommunane kan forvalte og prioritere dette godt. 

Vi vil også auke potten til kultur! Det er mange gode søknader vi i dag ikkje kan imøtekome på grunn av for liten pott. Eg meiner at vi med desse midla også må sjå på organisasjonsarbeid for og med ungdom som fell utanom kultur direkte. Det blir gjort mykje viktig, opplærande og oppdragande arbeid i organisasjonslivet som vi treng, og kultur er god folkehelse.

Eit anna satsingsområde er kompetanse. Eg trur nok at alle innbyggjarane i Lesja og på Dovre er veldig klare over at fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande skule. Skuledebattar skapar i høgste grad engasjement, og det er bra! 

Kompetanse er viktig, men vi har veldig lett for å fokusere på at kompetansen skal inn i hovudet. Vi treng også kompetanse som hendene skal utføre. Derfor må vi ha eit sterkt og positivt fokus på å gjere yrkesfag interessant å søkje på. Vi treng også ein grunnskule som legg opp til det. 

I går stod skulesakene i kø og vi vedtok strategiplan for vidaregåande skule. Den kan nok tolkast på fleire måtar. Egon Olsen hadde også ein plan, om ikkje alltid med så godt resultat, men han skjønte at han måtte ha ein plan. Det er oppfølginga av planen som no blir viktig, så her må det arbeidast godt. 

Vi har allereie hatt ein brei debatt om samferdsel på fylkestinget i dag. Alle har ein vegstubb og mange har ein jernbanestubb, og alle vil ha! Vi satsar og vi prioriterer i vårt forslag, men det viktig det som ligg rundt desse stubbane også. Det er lita trøst med fylkesveg om ein ikkje har eit levande og aktivt lokalsamfunn. 

Kommunar og regionar i Oppland samarbeider på kryss og tvers og det er grenser både over og under vatn og over kommune- og fylkesgrenser. Eg sit i to nasjonalparkstyre, og vi har tre til av dei i Oppland. Det blir brukt mykje tid på å møte i desse. Det er alltid nokon av oss som må reise langt for å møtast. Ofte er det samanfallande saker styra imellom også, og i botnen er det viktig med lokal kunnskap om områda vi skal forvalte. Eg må driste meg til å si at vi brukar utruleg mykje tid politisk i samfunnet i dag på vern, framfor å jobbe for næringsutvikling. 

Samarbeidsmodellen med kommunane i Oppland gjennom partnerskapsmidlar har som mål å auke utviklingskraft i kommunane og regionane. Da må det lyttast, kommuniserast, respekterast og ikkje minst å tørjast. Dei historiene som kjem frå regionane om viktige fyrtårn, attraksjonar og satsingar set eit positivt fokus på moglegheiter. Vi treng dei gode historiene saman med utfordringane vi har i Oppland. For utfordringar er det. Mange vanskeleg budsjettvedtak rundt i kommunane i desse dagar og vi hadde eit oppslag for ikkje så lenge sidan om aukande arbeidsløyse.

Det er i kommunane folket bur, og fylkeskommunen slik den er i dag betyr noko for innbyggarane i Oppland. Det er mi oppsummering. Fylkestinget har eit ansvar for at det skal bli «Moglegheitenes Oppland» ved å understøtte kommunane og regionane i å skape arbeidsplassar, utvikling og tryggheit. 

Til slutt vil eg kommentere eigen praksis og organisasjon. Folkehelsefokuset må gjennomsyre arbeidet vårt. Det må vi finne att i alle ledd og vi må hugse på folkehelse på lik line som universell utforming. Folkehelseperspektivet må vi ha i bakhovudet når vi planlegg og arbeider.