Meny

Kven skal vi ta mat frå?

Sist endret: 16 03 2017
Norge er ein nasjon med god økonomi. Vi kan importere den maten vi treng. Men vi kan ikkje kjøpe oss ut av ei matkrise, skriv Ivar Odnes.

I år feirar vi 200 år sidan vi fekk vår eiga grunnlov. At danskekong Fredrik den 6. i Kiel, 14. januar 1814 ga Norge bort til Sverige, skapte sinne i landet over at ein, utan å bli spurt, vart gjeve bort nærast som fe til svenskane. Dette ga opptakta til ein kamp for sjølvstende i Norge.

Tore Pryser skriv i sin bok om 1814 i Oppland at poteten betydde meir for nordmennene på den tida enn grunnlova, og kan hende stemmer det. Norge var eit fattig land og det hadde vore fleire uår med dårlege kornavlingar, noko som gjorde oss heilt avhengige av kornleveransane frå Danmark.

«For ein nasjon som ynskjer sjølvstende så må ein ha fokus på mat»! dette er orda til Geir Pollestad (Sp) som i spørjetimen i Stortinget utfordra landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) om ho ville avklare kornberedskapen før kornsiloane i Stavanger vert seld og gjort om til bustadar. Listhaug såg ikkje på dette som noko statleg ansvar! Ho meiner det er dei private som skal syte for kornlager! Så staten skal ikkje ha noko ansvar for matberedskap? Kva slags forvaltning er dette av vår sjølvstende som vi fekk i 1905? 

Det er urovekkjande når kornlaget i verda minkar, og er nå stipulert til ein kapasitet på 70 dagar. Vårt kornlager er på båt og i siloar utanfor Norge. Med situasjonen som er i Ukraina om dagen, som er ein av dei største korn og maisprodusentane i verda, så vert dette enda tydlegare sett i spel. Mat er viktig for ein nasjon, men har ein pengar nok kan denne kjøpast frå andre. Men er dette solidarisk overfor resten av verda? Kina har også vorte nettoimportør av korn. 

I 1814 var vi ein nasjon i hungersnaud. I 2014 er vi ein nasjon med god økonomi og evne til å kjøpe den maten vi treng. Er vi ute av stand til å sjå konsekvensen av klimaendringar som øydelegg kornavlingar, krigstilstandar som påverkar matproduksjonen og ein befolkningsvekst som aukar behovet for mat?

Har vi ein landbruksministar og ei regjering som skjønar alvoret? Så langt kan eg ikkje sjå det. Vi har ulike representantar frå regjeringa som er i Brüssel og pratar ned vår bruk av tollvern for å sikre norsk matproduksjon. Dette er klart i strid med stortingsfleirtalet som stiller seg bak den mykje omtala ostetollen.

Nasjonal mattryggleik og beredskap er inga ny problemstilling for Norge. Forsyningsproblema under og etter fyrste verdskrig førte til opprettinga av Statens Kornforretning i 1928. Formålet var tredelt: mjølforsyninga skulle sikrast ved å bygge eit nasjonalt kornstabbur, sjølvforsyninga skulle aukast ved å byggje opp nasjonal produksjon, og den nasjonale produksjonen skulle vernast gjennom eit statleg importmonopol.

Beredskap i Norge kom enda høgare på dagsorden etter andre verdskrig. Korn til mjølproduksjon vart, saman med sukker, sett på som kritisk, og det vart bygd store korn- og sukkerlager med offentlig finansiering. Sidan vi knapt produserte korn av matkvalitet i Norge, skulle dette sikre forsyningar i ein krisesituasjon. På syttitalet vart det satsa på auka produksjon av matkorn for å auke vår sjølvforsyning. Det vart ein suksess, og norske bønder kunne etter kvart hauste over 70 prosent av matkornforbruket vårt.

Det er ikkje for seint for regjeringa og Listhaug å snu. Og Senterpartiet har nå levert inn eit dokument 8-forslag i Stortinget om kornlager. Da bør Stortinget ta ansvaret og instruere regjeringa.

Ivar Odnes, stortingsrepresentant (Sp) 

Denne kommentaren står på trykk i GD 10. mars.