Meny
Bli medlem

Kvifor er statens jordbrukstilbod alvorleg.

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Vi har siste veka vore vitne til massiv protest mot regjeringa sitt tilbod til bøndene. Og det er ikkje berre bøndene som protesterar. Også LO, daglegvarekjeder, veterinærane og , etter meiningsmålingar, eit klar fleirtal av folket ynskjer ikkje denne landbrukspolitikken som Høgre og Framstegspartiet legg opp til.

Kvifor er statens tilbod i jorbruksoppgjeret så alvorleg. Jau, fordi denne politikken, etter svært mange si meining, legg opp til ei nedbygging av landbruket i ei tid det verkeleg er behov for styrking av matproduksjonen vår. Og typiske småbruksfylke som Telemark kjem svært dårleg ut ved at  dei store bruka skal prioriterast på bekostning av dei små og mellomstore.

Det er dei små og mellomstore bruka som står for det meste av matproduksjonen. Det er dei same bruka som sikrar drift på småteigar og marginale areal som er vanskelegare å drive med storskala driftsopplegg. Det er distriktslandbruket som er i faresonen med den landbrukspolitikk som regjeringa legg opp til. Det ligg ikkje særleg godt til rette for stordrift i våre distrikt. Areala er små og teigane mange og spreidd.  Det blir mange timar på traktor og både arbeidsmiljø og anna miljø blir pressa.

Landbruks- og matminister Listhaug gjentek retorisk at staten har kome med eit tilbod som gjev bøndene same inntektsutvikling som andre grupper. Framstillinga blir patetisk.  Bønder som andre folk lever av kroner og ikkje prosent. Når staten tilbyr bonden i snitt kr 10.700 i auka inntektsmoglegheit er det 7.100 lågare enn snittet for andre grupper. Framstilling blir like feil som når Siv Jensen sitt finansdepartement i framstillinga av  bøndene sine inntekter inkluderar andre inntekter utanom garden. Alle som kjenner til landbruket veit at bøndene har fleire timar og mindre betalt enn dei fleste andre yrke.

Årets jordbrukstilbod gjer at 96 % av kornbøndene får reduserte tilskot. Berre dei få over 800 daa korn får auke. Vi har knapt nokon av desse i Telemark. 75 - 90 % av alle mjølkebruka vil få inntektsendringar frå minus 5000 til pluss 10000. Kombinasjonsbruka med korn og mjølk, samt sau og mjølk kjem endå dårlegare ut. Dei større bruka som styrkast klarar ikkje overta produksjonen frå alle dei som fell frå. Jordteigane let seg ikkje flytte på og det blir mindre norsk mat. Dette blir heilt feil når vi alt i dag produserar mindre enn 40 % av vår eigen mat.

Bruksnedlegging og rasjonalisering innan jordbruket er ikkje noko nytt. Og vi har i fleire år merka konsekvensane av dette med attgroing i kulturlandskapet, færre beitedyr og småteigar som ligg brakk. Problemet er at dette vil skyte fart på ein heilt annan måte med den innretning av virkemidlane regjeringa legg opp til.  Meir av produksjonen vil då skje på importert kapitalvare og importert kraftfor. Det er ikkje denne utviklinga vi vil ha i landbruket vårt.