Meny
Bli medlem

Kvifor får ikkje Skafså breiband?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I framlegg til statsbudsjett for 2015 ser vi at den blåblå regjeringa vil kutte støtta til utbygging av breiband i distrikta frå 160 millionar til 50 millionar. Dette er dramatisk når vi veit at det framleis er store område som manglar tilfredstillande breiband. I Tokke og Vest-Telemark er fleire utbyggingsprosjekt realisert gjennom statleg støtte. Vi veit også at det framleis er fleire grender som manglar breiband, m.a. Skafså i Tokke slik det kom fram i VTB sin reportasje. Blir dette framlegget ståande ser det mørkt ut for desse grendene. Av summen på 160 mill. i 2014 fekk Telemark bare 3,15 mill. slik at her er allereie eit stor etterslep, skriv Thor Arne Heggtveit, gruppeleiar i Tokke Sp.

I framlegg til statsbudsjett for 2015 ser vi at den blåblå regjeringa vil kutte støtta til utbygging av breiband i distrikta frå 160 millionar til 50 millionar. Dette er dramatisk når vi veit at det framleis er store område som manglar tilfredstillande breiband. I Tokke og Vest-Telemark er fleire utbyggingsprosjekt realisert gjennom statleg støtte. Vi veit også at det framleis er fleire grender som manglar breiband, m.a.  Skafså i Tokke slik det kom fram i VTB sin reportasje. Blir dette framlegget ståande ser det mørkt ut for desse grendene. Av summen på 160 mill. i 2014 fekk Telemark bare 3,15 mill. slik at her er allereie eit stor etterslep.

Det har lenge vært eit mål om meir bruk av digitaliserte tenestar mellom det offentlege og innbyggarane. I budsjettproposisjonen står det m.a.: ”Satsing på IKT og breiband er en nøkkel til framtidig velferd og vekst i Norge”

 Her er det ikkje samsvar mellom mål og tiltak, og kva med dei innbyggarane som ikkje får ta del i denne digitaliseringa? Bør ikkje innbyggarane i Skafså og andre grender også få del i den ”fremtidige velferden”?

Senterpartiet var i den raud-grøne regjeringa ein pådrivar for auke tilskot til breibandutbygging og det vart  gjeve store tilskot i fleire år. At ikkje den blåblå regjeringa vil vidareføre den utbygginga som er starta skuffar meg, men eg er ikkje overraska. Det er eit av mange eksempel på at utkantane ikkje vert høgt prioritert frå dagens regjering. Senterpartiet vil jobbe hardt for å snu denne utviklinga og gjev aldri opp i kampen for å få gode tenestar til alle innbyggarar - også for dei som ser glede ved å bu i utkantar.