Meny
Bli medlem

Kvifor stemme Bø Senterparti ved haustens val?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark

 

 

Ei stemme til Bø Senterparti er støtte til:

  • Auka vekt på nærmiljø, folkehelse og klima

-        Framtidsretta næringsutvikling og norsk matproduksjon

-        Tenleg kommunestruktur basert på folkeavstemming

Bø Senterparti vil  vera eit parti for alle  i Bø-bygda, og vil lytte til kva folk har av utfordringar, ros og ris i kommunen sin. Kan me bidra til å gjera kvardagen bedre – gjer me det.

Me har mykje å vera stolt av i Bø, det meste er på stell takka vera stor satsing over mange år. Bø Senterparti vil gjerne  ha DEG med på laget slik at me saman kan utvikle Bø – bygda kåns vidare på ein god måte der innhald i omsorg og oppvekst vert prioritera.

Kvifor skal EG stemme på Senterpartiet, tenker du kanskje. Kvifor ikkje tenker me, svært mange av veljarane sympatiserer med dei verdiane og dei vegval som Senterpartiet står for, men vel likevel andre parti ut frå gammal vane eller annan tradisjon. Dersom du finn verdiar og vegval i vårt program som du meiner er fornuftige og rette sett frå din ståstad, håper eg du vel Bø Senterparti denne gongen og så får me vise kva me duger til. Har du spørsmål eller innspel tek du bare kontakt. Kaffien er alltid klar... og me vil lytte til deg og ta deg på alvor.

For å velje oss er det nok at du bryr deg om lokalsamfunnet og eit levande bygdesamfunn, at du set dei verdiane som Senterpartiet representerer høgt, og at du i det heile bryr deg om å ville andre vel.  Du treng såleis korkje traktor eller åker for å velje oss, men me er ein garantist for at jorda som er ein ikkje fornybar ressurs, vert tatt vel vare på i ein verden med mykje uro der matsikkerhet og kvalitet vert sett på prøve.

Derfor – ha eit godt val – me ynskjer DEG velkomen til å bli med på laget.

Borgar Torbjørn Kaasa

1.kandidat

Bø Senterparti.