Meny

Kystvegen vil skape nye bu- og arbeidsomåde

For å oppnå folketalsvekst og få tatt ut potensialet for næringsutvikling og vekst på kysten av Sogn og Fjordane må Kystvegen på plass.

Til Samferdsledepartementet v/statsråd Marit Arnstad

For å oppnå folketalsvekst og få tatt ut potensialet for næringsutvikling og vekst på kysten av Sogn og
Fjordane må Kystvegen på plass.

Med å få realisert Kystvegen som ei ytre linje frå Bergen til Ålesund vil ein opne ein samanhengande bu- og arbeidsmarknad mellom kommunesentra på kysten, og oppnå ei reisetid på maksimalt 45minutt mellom desse.

Infrastruktur og samferdsle må på plass for å få nytta vekstpotensiale som ligg på «Gullkysten».

Kystvegen vil vere med å bidra til positiv folketalsutvikling og tilflytting på kysten.

Kystvegen vil sikre fylket vårt ein viktig veg som gir store ringverknadar for heile kysten. Regionen vil stå sterkare i ein nasjonal konkurranse om ulike marine, maritime og oljebaserte arbeidsplassar i framtida. Ikkje minst vil realisering av vegen i regionen sikre vidare utvikling i Sogn og Fjordane.

Det må sjåast på alternative finansieringsmåtar for Kystvegen.