Meny
Bli medlem

-La dei berre ete kake

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Tollvern er blitt ein politisk sommarsnakkis. Tollvern er for mange teori. Men tollvern handlar om matvaretryggleik. I statsbudsjettet for 2013 blei det vedteke å gå frå kronetoll til prosenttoll på enkelte typar ost, storfekjøt og lammekjøt. Dette har ført til ein kritisk uttale frå eit fleirtal i EU parlamentet og ein splitta opposisjon i Noreg.

Høgre, som for nokre månadar sidan garanterte at det skjerpa tollvernet skulle reverserast om dei kom i regjering, er brått blitt meir vage i sommarvarmen. Venstre ved sin 1.nestleiar Ola Elvestuen vil som vanleg ikkje irritere makta i EU. Han lovar at Venstre vil reversere ostetollen og gjere svekka tollvern for norske jordbruksprodukt til ei valkampsak. Venstre får nok støtte av FrP i dette.  Men og av Høgre – dei vegrar seg berre for å seie det høgt før valet. Dei sit no mest heilt stille i båten i eit forsøk på å fange inn grøne vestlandsveljarar.

 

Men Høgre sin tredjekandidat i Hordaland, Unge Høgres Peter Christian Frølich, har fått båten til å gynge. På nettstaden Twitter har han stilt spørsmål om ost har noko med matvaretryggleik å gjere, og om ikkje fisk er mat. Ost har faktisk noko med matvaretryggleik å gjere. Og fisk er sjølvsagt mat. Men Høgre forstår tydelegvis ikkje samanhengen mellom importvern, norsk matproduksjon og matvaretryggleik. Debatten gir meg assosiasjonar til franske Marie Antoinette, som visstnok hadde denne kommentaren då folket hennar svolt og ikkje hadde brød: Kan vi ikkje berre la dei ete kake?   Har Høgre tenkt over kvifor det var rasjonering av brød og mjølk og andre jordbruksprodukt i Noreg under siste verdskrig? Var det fordi vi hadde for lite sild?

 

FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) definerer matvaretryggleik som fysisk og økonomisk tilgang til nok, trygg og næringsrik mat for å kunne leve eit aktivt og sunt liv. I dag har vi ein situasjon der Noreg importerer over 60 prosent av jordbruksvarene våre. Sjølvforsyningsgraden av jordbruksvarer har aldri vore lågare. Høgre har sikkert rett i at ein kan overleve på sild i ein krisesituasjon. Men sjølvforsyning er meir enn fisk! Styrka matvaretryggleik inneber at vi må gjere oss mindre avhengige av import av jordbruksråvarer og ferdigmat frå utlandet.  Då må norsk produksjon av jordbruksvarer aukast.    

 

Vestlandet er grasproduksjon. I Hordaland og Sogn og Fjordane er grasbasert husdyrhald og mjølkeproduksjon sentrale næringar. Fylka er og store på frukt og bær. Betre tollvern er særleg nødvendig for å gjere det  meir lønnsamt å dyrke gras og produsere mat på vestlandet. Skal sjølvforsyninga opp, må grasproduksjon lønne seg. Eit svekka tollvern, som FrP, H og Venstre går inn for, vil redusere verdien av graset. Då vil lønnsemda i bruk av jord gå ned, og norske matprodusentar enno meir avhengige av tilskot frå staten for å overleve. Særleg vil dette gå ut over vestlandsjordbruket.

 

Skjerpa ostetoll var derfor viktig. I dag blir om lag 65 prosent av jordbruksarealet i Norge brukt til mjølkeproduksjon. Om lag halvparten av mjølkeproduksjonen blir til ost. Blir osteprisen pressa ned av eit svekka importvern, vil også mjølkeprisen falle.  Dette er det H, Venstre og FrP står for. Mykje står altså på spel. Det vil ikkje hjelpe å ete kake.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant for Sp ,Hordaland