Meny

Lærarar i 38 eller 45 veker?

I dag jobbar lærarane over 43 timer kvar veke. Kva er det dei ikkje skal gjere lenger når dei skal ned til 37.5 timer i veka, spør Aud Hove, nestleiar i Oppland Sp.

I desse dagar er det forhandlingar mellom lærarorganisasjonane og KS om arbeidstidsavtale i skulen. Intensjonane for begge partar er nok ein god skule og arbeidsplass og ei utvikling som skal gagne både lærar og elev. 

KS meiner at lærarane skal vere på skulen i inntil 45 veker, medan elevane fortsatt skal ha 38 veker skulegang. Det betyr at lærarane ikkje skal avspasere slik dei gjer i dag, men ha stuttare arbeidsdagar gjennom skuleåret.

Det som ikkje går heilt i hop er at sjølv om dei skal ha stuttare arbeidsdagar, skal dei likevel gjere same jobben.  I dag jobbar lærarane  over 43 timer kvar veke. Kva er det dei ikkje skal gjere lenger når dei skal ned til 37.5 timer i veka? Rette prøver, samtale med elevar eller føresette, førebuinga, planlegging saman med andre lærarar, etterarbeid, foreldremøte, svare på spørsmål etter skuletid  eller noko av det andre som ofte dukkar opp i løpet av ein skuledag?

Tanken frå KS er god på den måten at lærarane skal ha tid til etterutdanning, planlegging og samarbeid seg i mellom når elevane ikkje er til stades. Det som blir vanskeleg er at dei samtidig kan bruke mindre tid på kvar enkelt elev innanfor dei 38 vekene som eleven er på skulen. Dei blir også ei yrkesgruppe som får ein veldig lite fleksibel ferie. Trur ikkje det er noko sjakktrekk i forhold til å rekruttere nye lærarar, for ikkje si å behalde dei vi har. 

Vi har fått ei regjering som vil satse på skule, men eg trur ærleg talt ikkje dette er vegen å gå for å få ein betre skule i Norge!

Aud Hove, nestleiar Oppland Senterparti