Meny
Bli medlem

Lærlingar har mykje å tilføre bedrifta

Sist endret: 27.09.2020 #Oppland
Stortinget har vedteke Yrkesfagløftet der det ligg inne mange gode tiltak for å gjere det enklare for elevane å fullføre ei yrkesfagleg utdanning. Nå gjeld det å få sett ordningane med vekslingsmodellar og praksisbrev ut i livet

 

Lærlingar har mykje å tilføre bedrifta. Slik innleia Linda Mæhlum Robøle frå Etnedal det opne møtet om lærlingar på Valdres Vidaregåande skule onsdag kveld. Ho har sjølv vore lærling i kontorfag.

 Torstein Jæger Dahlen frå Valdres vidaregåande skule kunne fortelje at svært mange av elevane på yrkesfag har gode resultat frå skulen, men at få av dei får lærlingeplass. Det er ingen god situasjon. Martin Wiknes, Opplæringskontoret for Valdres meinte at vi må få eit betre system med faste avtalar om lærlingeplassar i bedriftene, og at storleiken på elevgruppene bør tilpassast talet på lærlingeplassar. Steinar Nybråten som representerte kommunane, innrømma at dei ikkje hadde eit godt nok system for å ta inn lærlingar t.d. i helsefag.

 −Stortinget har vedteke Yrkesfagløftet der det ligg inne mange gode tiltak for å gjere det enklare for elevane å fullføre ei yrkesfagleg utdanning, opplyste Anne Tingelstad Wøien. –Nå gjeld det å få sett ordningane med vekslingsmodellar og praksisbrev ut i livet. Ho meinte også at det er eit stort behov for meir informasjon både til elevar, foreldre, næringslivet og til kommunestyrerepresentantane om korleis yrkesutdanninga er. –Arbeidslivsfag på ungdomsskulen skal gje ei innføring i korleis ei yrkesutdanning kan vere, og det er viktig at alle dei involverte snakkar godt saman, sa ho. Det legg grunnlaget for eit godt utdanningsløp. Også rådgivarane har ei viktig rolle.

 For eigen del la ho til at det er behov for fleire tiltak, slik som utvida utstyrsstipend, og at lærlingane framleis skal ha elevstatus og bli følgt opp av skulen. Ho meinte også reglar som kan hindre fullføring av ei utdanning må fjernast, slik som krav om samanhengande opplæring og avgrensing til å berre å kunne ta eitt fagbrev.