Meny
Bli medlem

- Landbruk og samferdsel er viktig for landet!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Senterpartiet har levert på landbrukspolitikken. Det var eit sårt tiltrengt linjeskifte i den norske landbruk- og matpolitikken når Senterpartiet igjen inntok regjeringskontora i Landbruks- og mat departementet i 2005. Etter Sponheim var det som ein ny vår sa Fylkesleiar Jostein Ljones (Hordaland) på landsmøtet i Senterpartiet

Takk til Liv Signe Navasete  for ei inspirerande tale-

I Hordaland er det to saker som spesielt opptek oss,  Dette er to viktige saker for partiet

- Landbruk og matproduksjon.

- Samferdsel

Eg meiner Senterpartiet i Regjering har levert på begge desse områda.

Senterpartiet har levert på landbrukspolitikken. Det var eit sårt tiltrengt linjeskifte i den norske landbruk-  og matpolitikken når Senterpartiet igjen inntok regjeringskontora i Landbruks- og mat departementet  i 2005. Etter Sponheim var det som ein ny vår.

Bøndene har fått ei kronemessig lik inntektsutvikling  som andre grupper i samfunnet. Det burde vera ein sjølvfølgje, men det er ikkje det, kjære landsmøte.  Det er avhengig av at Senterpartiet sit i regjering også etter valet til hausten. Det er ikkje Krf som er bondens beste venn slik Hareide prøver å få folk til å tru , til det har Krf valgt feil venner.  Nei,  ein landbuks- og matpolitikk som landet fortjener er avhengig av at Senterpartiet fortsatt sit i regjering til hausten.  Eg meinar det er eit skjebneval for norsklandbruk at Senterpartiet fortsatt sit i regjering. Vår jobb er å få våre veljarar til å skjøna dette. Det er berre ei stemme på SP som sikrar meir av den politikken.  Dei vil ha nemleg Senterpartiet sin politikk.

8. mars, på sjølvaste kvinnedagen, kunne Marit presentra prosjektet som Liv Signe starta og Magnhild vidareførte : Realiseringa av vestlandet sin Intercity: den ferjefrie E39 -utbygginga som skal gjennomførast dei neste 20 åra. Eit prosjekt er avgjerande for konkuranseevna til vestlandet og landet forøvrig.  Dette viser at Senterpartiet tar heile Norge i bruk samtidig. Traseval er berre støy når ein ser på kva dette prosjektet betyr for vestlandet og landet vårt.

No gjenstår det å gjennomføra alle dei ambisiøse planane som Senterpartiet i regjering har for ei historisk satsing både i by og bygd. Me vil og me kan.

Men til å gjera jobben for oss treng me" Kjerringa mot Straumen" i regjering .Eg stolar på at du, Liv Signe, i lag med Ola og Trygve vil slåst for vår politikk i ei ny raudgrønn regjering.

Ei stemme på Senterpartiet er ei stemme for å ta" Heile Noreg i Bruk " Godt val.