Meny
Bli medlem

Landbruksministeren til Skjåk

Sist endret: 16.03.2017 #Oppland
Torsdag kjem landbruksminister, Trygve Slagsvold Vedum, til Skjåk. Der skal han mellom anna snakke med lokale gardbrukarar om verknadene av jordbruksavtala.

Landbruksministeren har sidan i fjor hausthatt ein ståande invitasjon frå ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard, om å kome til Skjåk. Torsdag kjem han på ein times visitt.
Det er Kari og Per Øyvind Ørjasæter som tek i mot statsråden heime på garden. Der vil Per Øyvind, som også er leiar i Skjåk Bondelag, leggje fram tal på korleis jordbruksavtala verkar inn på garden sin og tre andre gardar i Skjåk.
Nasjonalparkforvaltar Bjørn Dalen er til stades for å fortelje om hva verknad eit aktivt landbruk har på verneverdiane i og opplevinga av Breheimen nasjonalpark. 
Gudbrandsdalsmat vil også vere representert for å snakke om lokal matproduksjon og disrtibusjon av lokalprodusert mat.