Meny
Bli medlem

Landsmøte nærmar seg slutten

Sist endret: 16.03.2017 #Sogn og Fjordane
Vi nærmar oss slutten på landsmøtet og vi har hatt nokre flotte dagar her i Loen.

Vi er ferdig med votering og partiprogrammet er vedtatt. Nokre av det som blei vedtatt er; Norge ut av Schengen, folkeavstemning om EØS-avtalen i framtida, ja til å utrede solidarisk samfunnstjeneste i omsorgen, kraftig styrking av BSU-ordninga, kutt i arveavgifta. 

Vi fekk alle ein gledeleg overraskelse under festmiddagen i går, då Tone Damli kom på scena. Dette var til stor glede og jubel for alle i salen. God innsats av fylkessekretæren og fylkesleiaren vår som fekk dette til.

Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter er godt nøgd med innsatsen til delegasjonen vår og seier vi har vore godt synlege på talarstolen. Det har vore god stemning og vi har fått vist fram fylket vårt på ein god måte. Vidare seier ho at vi har levert på lokalitet og fasilitetar, samt gode innspel til programmet.

Vi har hatt flotte dagar her i Loen.