1.Minstevassføring i Tokkeåi
Tokke Senterparti meiner det er viktig at kommunen prioritetar minstevassføring i Tokkeåi og sideelver. Tokkeåi er gyteområde for den utrydningstruga storauren i Bandak. Storauren er under sterkt press fleire stadar og er og borte frå vassdrag i Telemark. Det er difor viktig at vassføring i Tokkeåi blir stabil og tilstrekkeleg. I ein felles rapport frå Noregs Vassdrags- og Energidirektorat og Miljødirektoratet frå september 2013 blir Tokkeåi gjeve høgaste prioritet i Vest-Viken vassregion. I rapporten blir det vurdert opp mot 5 % minstevassføring. Tokke Senterparti meiner difor at Tokke kommunestyre bør krevje 5 % minstevassføring i Tokkeåi.
2. Miljøfond til Tokke og Vinje kommunar
Kommunane kan ved revisjon gjevast økonomiske kompensasjon til fond i spesielle tilfelle. Tokke og Vinje kommunar står i ein særstilling ved at kommunane var fallrettseigarar i vassdraget, men blei nekta å vere med i utbygginga. For det andre blei utbyggingskonsesjonane gjeve for 60 år fram til 2017. Det var då føresetnaden at det skulle gjevast ny konsesjon og ikkje berre revidere eksisterande vilkår. Statkraft fekk i 2002 omgjort konsesjonane frå tidsavgrensa til evigvarande konsesjonar. For det tredje har det ikkje vore noko minstevassføring i Tokkeåi. Dette har vore særs økonomisk gunstig for Statkraft og noko av denne vinsten bør overførast til eit miljøfond til kommunane. Desse 3 omsyna gjev grunnlag for å krevje eit miljøfond.
Døme på miljøtiltak er å løyve midlar til undersøkingar/tiltak i vassdraget, men også legge til rette for miljøbasert næringsutvikling, reiseliv, turstiar, skiløyper, raste- og badeplassar i og rundt vassdraget.
Tokke Senterparti vil krevje at Statkraft blir pålagt å stille kr 67,5 millionar kroner til eit miljøfond for kommunane. Fondet vil svare til 5 % av den inntekta Statkraft har av kraftproduksjonen i vassdraget for eit år. Ei avkasting frå fondet vil vera om lag 2 millionar kroner kvar år som kan nyttast til miljøtiltak i Tokke og Vinje kommunar.