Meny
Bli medlem

Leiars tale på årsmøtet i Senterkvinnene 2015

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterkvinneleiar Gunn Sande haldt ei årsmøtetale som femna breitt. Ho nytta mykje tid til å peika på kva konsekvensar den blå-blå regjeringa sin politikk får for eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

Gode årsmøte!

Nok eit år er gangen … slik eg starta i 2014 får eg vel starte i 2015

Året 2014 i senterkvinneånd .. senterkvinnene gjennomførte i 2014 eit landsmøte der vi hadde utsendingar  . sjølv var eg møteleiar på eit anna landsmøte i Alta akkurat same helga ..så eg fikk ikkje delteke på landsmøte vårt, men eg oppfordrar dei som var der om å ta ordet og fortelje litt frå dette når eg no er ferdig med mi tale.

Elles har leiar, alså eg, forsøkt å delta på det meste. No har eg langt frå lukkast med det. Det har nok vore nokre styremøter i Senterpartiets regi eg har måtte melde avbod til, men slik er livet. Imidlertid fikk eg med meg landsstyremøte og konferansen Grøn inspirasjon. Eit heilt fantastisk arrangement som senterkvinnene sentralt arrangerte på stortinget i Oslo.

Og svupp helga - etter hadde vi nettverksamling på Eid som slett ikkje låg noko under det nasjonale arrangementet på nokon måte anna enn at vi var nokre færre deltakarar.  Dette er eit arrangement som var så positivt at vi vil prøve å få dette til som ein årleg happening ..og det som gjentek seg år etter år veit dokke… det kallar vi tradisjon .. og tradisjon er ein viktig verdi å ta med seg. I allefall hadde dei som var tilstade  ein aldeles flott oppleving med innleiarar plukka frå øvste hylle .

Her må eg berre takke Karoline Bjerkeset for fantastisk arbeid med forslag til program og Elise,  sjølv om ho ikkje er her i dag for flott gjennomføring. Utan slike folk ville nok hjulet snurra ganske sakte rundt.

Så vil  eg be forsamlinga bli med meg og markere  med 1 minutts stillhet til minne om dei som mista livet i terrorhandlinga i Frankrike

Her kan eg stå og sei akkurat kva eg vil i trygg forvissing om at vi har ytringsfridom i dette landet . La oss bevare det slik.

I året som har gått har leiar til tider vore ganske deprimert –  å leve i eit samfunn der dei blå-blå har hatt makta har vore ei tøff tid.  Eg ser på mange forskjellige  ting som regjeringa legg fram og eg tenker: kor skal dette ende? Hadde det enda vore berre på eitt område det vart so gale så skulle eg vel klare å leve med det, men det har faktisk vore like gale i alle retningar.

Landbruket skal vi tydeligvis ikkje kjenne  igjen etter at Frp har hatt landbruksministeren i 4 år, og det trur eg så gjerne. Alle mine verdiar blir banka ned og knust – eg har tru på distrikta og eg har tru på dei verkemiddel som vi har hatt til rådighet i lang, lang tid. No er det berre å innsjå at priskontroll, odel  og buplikt kan bli ein saga blott. Ein ting som forundrar meg mest er kor lettvint det er for  enkelte parti å få gjennomført det dei vil – berre landbruksministeren skriv eit brev til kommunane om å sjå vekk frå priskontrollen så gjere dei det? Og det utan at det har vore oppe i Stortinget -  sei meg.. er det ingen straff for slikt?

Så til alle dei som i seinare tid har stått fram i avisene og  innrømma at dei har lete seg lure av Frp- det har vist seg at lovnadane om meir til dei svake gruppene ikkje heldt seg oppe. Dei sit og sturar på bilde og seie at aldri meir skal dei stemme blått.  – ja ja folkens eg skreiv det ein gong på facebook sida at det hjelpe faktisk å lese programmet til dei forskjellige partia før ein går og legg lappen i valurna. Og det meinar eg faktisk endå

Så kjem vår alles statsminister ut på slutten av 2014 og åtvarer LO mot å gå til generalstreik i forbindelse med deira forandring av arbeidsmiljølova –  ikkje faste tilsettinga – engasjement i 12 månader – jau dette er nok gull verd for dei unge som skal inn i arbeidslivet og ikkje minst skal stifte bu – få lån i banken slik at ein kan kjøpe/bygge bustad. Då kjem du heilt sikkert i første rekke i banken  når det gjeld å få lån om du kan skilte med at jau.. du har eit års engasjement.  Kom igjen ,fru Statsminister … Eg er LO-organisert.

Var det nokon som tvilte på om dei blå-blå ville føre blå-blå politikk om dei kom til makta? Einskilde luringar sa til meg at dei måtte stemme Krf eller V for å døyve den blå politikken og at dei måtte stemme taktist. Jau, for taktikk, spør du meg. Her er min påstand at deira taktiske stemming har slått totalt feil ut… Krf og V må ha vannvittig sterk påverknad når det gjeld bestemmelse i regjeringa .. men det må no seiast at for meg så kan ein samanlikne dette med ditta å selje ting på sal…  før ein legg varen ut på sal så teke ein og hive på prisen litt slik at når ein har lyst ting ut for sal så ekje det den store gevinsten for kunden å hente likevel.  Men om Krf får gjennom at legar skal få reservere seg i abortsaka ..så har dei jo vunne ein braksiger ..kjære vakre …

Blå-blå politikk har jammen gitt oss frihet … det er jo store nasjonale endringar som er iverksette. Eg har saksa fritt frå skrytelista deira og nokre av dei viktige nasjonale sakene er blant anna: At no får vi kjøyre segway…  ikkje at eg har råda til ditta transportmiddelet og som familieforflytnigsmiddel  egna dette seg dårlig, så takk …eg står over men for all del.. eg har fridom til å velje.

Vin- øl – tobakk ved utanlandsreise .. ja eg og min mann hadde for første gang etter 20 års ekteskap fått mallorcatur i gåve med våre avkom .. dei tenkte vel at det var på tide at gamlingane kom seg ein tur åleine så dei var heime og passa heimelam og hundar …og tok jammen og pussa oppatt stova og brende gardiner.. men det er ei anna historie ..  men jøsses ja .. no kunne min mann for første gong ta med seg ekstra vin berre fordi han ikkje røyke .. litt diskusjon førte nok dette valget til då eg frå før har vore vande med at eg får handle på hans røykkvote.. Er ikkje sikker på om eg likte den heller så godt ..men for all del… fridom i nok ei viktig sak for landet.

Regjeringa har opna for flere åpningsdagar for Vinmonopolet. Regjeringa ynskjer at Vinmonopolet kan holde åpent på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaften. Det foreslås også å åpne for at Vinmonopolet og dagligvarebutikker kan selge alkohol på valgdager og dager for folkeavstemning – dette må dokke vite er også virkelig viktig for folk flest

Fjerna avgiften på båtmotorer .. skulle nok være ei gladsak for oss på kysten… og for dei i innlandet som har ein veg  å skryte av så har fartsgrensa auka til 110 på dei beste motorvegane

  • Politiets utlendingsenhet styrkes med 79 stillinger for å øke måltalet for tvangsreturer av avviste asylsøkere i 2015.  –og her har visst langtidsopphaldande barn vore prioritert gruppe for utsendelse … eller var det ikkje slik?
  • Regjeringen er enig med Venstre om å doble konsesjonsgrensene for kyllingproduksjonen, og stramme inn kravene til dyrevelferd.

For meg er dette sjølvmotseiande...

  •  Og sjølsagt - reduksjon i skatt for dei som har mest …

Så skal vi i god kjent blå stil selje store deler av landet vårt … myr og skogsområder skal over på kinesiske eigarar .. ting som går so det susa både i fart og økonomi skal seljast ut – ja då tenke eg på flytoget .. og fallrettar og arvesølvet vårt kraftproduksjonen den har vi no slett ikkje bruk for lenger .. vi er jo unorske som tenke i slike baner .. beklager regjering  ..men eg har aldri vore så uenige med dokke so i akkurat desse sakene.. og i den forbindelse kan eg dra ei lokal historie frå førre gong høgre sat i regjering .. på Åheim i Vanylven låg det eingong eit stort statleg firma som heitte olivin .. det var ei hjørnesteinbedrift som hadde innbyggarane i sitt nærmiljø i tankane i det meste dei gjorde. Dette var ei bedrift som gikk med overskot – som tilførte bygda store verdiar i form av at dei var med og blant anna finaniserte fleirbrukshall ..dei tilsette som ville bygge seg hus fikk startpengar til etablering .. dei fikk leige/låne maskiner og utstyr med sin arbeidsgjevar .. men i Kjell Magne Bondeviks andre regjering beståande av Høgre, Krf og V bestemte Staten at dei skulle  selje seg helt ut av A/S Olivin og  eit utanlandsk selskap tok over og om ein spør innbyggarane i nærmiljøet i dag om det har hatt nokon betydning for dei at det er komt utanlandske eigarar i staden for staten er dommen ganske klar.. Det har i alle fall ikkje tent lokalsamfunnet at slikt skjedde .. og no er dei i gang igjen med same galematias faktene ..
Så har vi eit kommune og fylkestingsval som skal skje til hausten. Eg har vore i sterk tvil om eg vil fortsette i dette gamet lenger – har sett føre meg at å prøve å drive politikk på lokalplan med eit slikt overordna organ over seg må være ein turner verdig – og at eg ikkje orka tanken på å slite i hop kommuneøkonomien når det blir skore til beinet frå oven. Fylkeskommuna skal ta ned sitt budsjett så det monner og litt til. – slikt vil merkast godt i heile fylket i tida framover og når ein nylig gjennomført skulebruksplan kansje allereie kan være utdatert grunna økonomi –eller rettare sagt mangel på sådann omtrent før den har trådt i kraft  alle overføringar synast å minke … NHO si konferanse gav også klar beskjed på si siste konferanse om at det er i byane utvikling og vekst er venta. Vi tullingane som har valgt å busetje oss her langt uti perifirien det være seg trivselsfylket eller ikkje  - vi tel så vidt med i den store samanhengen og vi skal i allefall ikkje forfordelast på nokon måte .

 ein ting eg har spekulert litt på er ditta med inntekstssystemet som er endra .. det som vert sagt frå Høgre si side om dette er jo at det var vi ---dei raudgrøne som bestemte at slik skulle det bli og  som hadde fleirtal i stortinget  .ja mest sannsynleg stemde vel dei blå imot  når saka var oppe i stortinget  ..men dei raudgrøne gjennomførte då slett ikkje ei slik ordning då dei såg kor gale dette slo ut for distrikta ..men dei blå blå hivde seg rundt og gjennomførte det omtrent med det same dei kom til makta og det hadde dei slettes ikkje vore nøydde til å gjere dei heller men når dei so gjorde så er det deira ansvar heilt og fullt ut å ha gjordt det... så eg ser nok heilt klart nytte av  å ha hatt liv signe i sentral posisjon nede i oslo ,, så har i allefall ho jobba knalljhart for heimefylket sitt.. så får kvar og ein vurdere om dei andre stortingsrepresentantane gjere jobben sin og representera fylket vårt godt nok .

Så i periodar har eg tenkt at no takkar eg for meg så kan dei som har valgt dette få styre…

Men – samtidig så kjenne eg at bestemtheta  våkna i meg – nei så søren om eg har tenkt å gi opp –  mange viktige oppgåver står foran oss no framover –ikkje minst i forhold til denne påtvungne kommunereforma som kjeme som ein farsott inn over landet  - skal eg sette meg på sidelinja og la humla suse og la andre bestemme utan at eg er med ?  nei til det er eg nok for engasjert så eg krummar nakken og let det stå til –

I Selje senterparti er vi ferdige med nominasjonsprosessen og eg fikk den ærefulle plassen .. nr 1 .. jess kvifor ikkje..Eg går for ordførarposisjon – slik at eg kan få jobbe med politikk på  heiltid – slik som det er no må alt av sakspapir og førebuing føregå på mi private tid – also mi fritid – så eg oppfordra alle til å tenke som meg- gå for det , og gå for det 100 % – du kan like godt få betalt for det du gjere som at du skal bruke masse av fritida di på det.

Så alt i alt er eg  positiv igjen og depresjonen er på vei ut og vekk – no vil det vise seg at det vi advarte mot under førre valkamp ikkje berre var skremselspropaganda men den harde virkelighet. Så får kvar og ein finne ut korleis dei vil ha det og stemme deretter

Men som dokke sikkert har skjønt for lenge sidan so har eg som vanleg prata meg langt utpå viddene og det føles veldig godt å vite at eg kan sei og skrive nett det eg vil. Skal vi kalle det ein leiars privilegium?

Styret er godt samansveisa og vist seg dyktige i å fordele oppgåvene seg imellom . vi kunne heilt sikkert vore flinkare ut i media men vi får ta det igjen no fram mot valkampen som vi snart går inn i..  og dermed takkar eg den lydhøyre forsamling for merksemda.

Takk for meg.