Regjeringa har kutta 90 av 120 millionar som låg i det raudgrøne budsjettforslaget som skulle vere til utjamning av nettleige. Dette er kva det vil koste å kople nye kraftverk på straumnettet, kraft som kjem heile landet til gode. Desse kostnadane må sjølvsagt delast av alle som nyt godt av straumen. Det blir feil, gjennom nettleiga, å velta kostnadane over på innbyggarane i område der straumen blir produsert.
Dersom nettleiga går opp med 10 øre vil det til dømes koste Elkem fleire titals millionar kroner i ekstra utgifter, noko som kan vere kroken på døra. Lokalt næringsliv i ressursrike distrikt vil med denne ekstrarekninga verte motarbeida i staden for stimulerte, noko vi i Senterpartiet er sterkt ueinig i.
Senterpartiet i Sogn og Fjordane er oppteken av at det vert produsert meir fornybar energi. Skal vi få meir fornybar energi, må vi bygge utmeir småkraft, og henge det på nettet. Storsamfunnet må legge til rette for at kapasiteten vert auka, gjennom eit spleiselag der heile landet er med. Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil ha lik nettleige over heile landet.
Vi krev at Regjeringa, med Olje- og energiministeren i spissen, gjer grep for å oppnå dette no.
Uttale frå fylkesårsmøtet 2014, Balestrand