Meny
Bli medlem

Lik velferdsutvikling over heile landet?

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiet har hatt ansvaret for Kommunal- og regionaldepartementet i åtte år, dei fire siste åra med Liv Signe Navarsete ved roret. I denne perioden har den raudgrøne regjeringa gitt kommunesektoren ein reell vekst på 67,5 mrd. kr - ein årleg realvekst på 2,5%.

 I tillegg har regjeringa lagt om inntektsfordelinga mellom kommunane for at meir av inntektene skal koma i form av rammeoverføringar, og mindre gjennom skatteinntektene til kommunen. Kvifor? For at pengane skal bli omfordelt frå dei kommunane som frå før har dei største skatteinntektene. I 2013 blei om lag 2,2 milliardar omfordelt på denne måte. Dette blant anna for å gi eit mest mogeleg likt velferdstilbod (skule og helsetilbod) for alle innbyggarane i landet, uavhengig av om du bur på det sentrale austlandet eller i Sogn og Fjordane.

Høgre sitt opplegg for kommuneøkonomien har ein heilt annan profil. Dei vil endre fordelinga slik at dei rikaste kommunane får meir, medan dei som har minst skatteinntekter frå før får enda mindre. Ni av ti norske kommunar vil få kutta inntektene sine. Totalt for kommunane i Sogn og Fjordane er effekten minus 45 millionar. Det tilsvara 90 sjukepleiarar! Eller kutt på dei fleste kommunale budsjetta for skule og helsetilbod.

Vil du at velferdstilbodet skal vera likt fordelt i heile landet, med gode skular og nok omsorgsplassar til alle som treng dei? Då utgjer SP ein skilnad i høve Høgre sin «gi til dei rikaste»-politikk. Sp har vist gjennom dei siste 8 åra at partiet er garantisten for lik velferdsutvikling i heile landet . Omtanken for små distriktskommunar som her i fylket står sterkt i SP. Vil du ha gode og levedyktige lokalsamfunn i Sogn og Fjordane i framtida? Då er ei stemme til Senterpartiet den 9.september ein god strategi.

 

Hallvard S. Oppedal – ordførar Gulen

Olav H. Turvoll – varaordførar Vik

Arnstein Menes – varaordførar Balestrand

Ole Simen Nesdal – varaordførar Leikanger

Laura Kvamme – varaordførar Sogndal

Jan Geir Solheim – ordførar Lærdal

Ivar Kvalen – ordførar Luster

Kjell Kristian Carlsen – varaordførar Askvoll

Oddmund Klakegg – ordførar Jølster

Karl Vidar Førde – ordførar Bremanger

Gunn Sande – varaordførar Selje

Anne-Britt Øen Nygård – ordfør Hornindal

Anders Ryssdal – ordførar Gloppen

Jenny Følling – varaordførar Sogn og Fjordane Fylkeskommune