Meny

Likestilt, sa du?

Sist endret: 16 03 2017
- Eg meiner vi har ein lang veg å gå før vi faktisk er likestilte, skriv Senterpartiets kvinnelege førstekandidat Beate Marie Dahl Eide i denne kronikken.

I år er det 100 år sidan alle norske kvinner fekk stemmerett. 100 år sidan kvinner fekk dei same rettane som menn til å seie si meining gjennom val i demokratiet vårt. Nordmenn i dag er sjølvutnemnte verdsmeistrar i likestilling. Vi er så likestilte! Eller?

Vi skriv mars 2013. Dei politiske partia i Telemark har valgt sine fremste menn til å representere seg på Stortinget. Ja, for dei er nettopp det. Menn øverst på dei fleste lister. Berre eitt parti har gitt den tilliten til ei kvinne.

Det er ikkje tilfeldig at det er slik. På same måte som det ikkje er tilfeldig at det er flest menn som er gruppeleiarar, utvalsleiarar og ordførarar, eller at det er flest menn som har leiarstillingar i arbeidslivet. Vi har etterkvart fleire kvinnelege partileiarar og statsrådar. Men, framleis er det å ha leiaransvar i politikken “a mans’ job”.

Det er ikkje tilfeldig at menn tener langt meir enn kvinner - også i samme jobb, at det framleis er kvinner som tek hovudtyngda av omsorgsarbeidet i familiane - og at det er flest kvinner som er minstepensjonistar. Det er grunnleggjande strukturar i samfunnet som opprettheld denne skeivheita. Vi har ikkje kome langt nok i likestillingsarbeidet når det framleis er slik! Derfor er eg glad at vi i Senterpartiet har ein aktiv kvinneorganisasjon. Senterkvinnene gjev kvinner og kvinnepolitikk ein ekstra arena.

Eg skal innrømme at eg brukte nokre år på å forstå kor viktig Senterkvinnene faktisk er. Men, då eg sjølv fekk eit høgt politisk verv som 22-åring, fekk eg òg sjå ein del av politikkens bakside. Som fylkesvaraordførar i Sør-Trøndelag innsåg eg raskt verdien av å ha eigne kvinnenettverk. I tillegg til å vere dame, så var min unge alder ein raud klut for nokon. Det er vel få menn i 50-åra som før ein har starta ordførargjerninga, får sinte innlegg i avisa om at det er eit problem at han er passert 50....

Eg opplevde at eg fekk både tillit og respekt frå dei fleste politikerkollegaene mine, frå ulike parti. Men, “Gutteklubben Grei” møtte eg både blant politikarar og ellers. Og, det er ikkje alltid veldig synleg. Eg har vore på møter som einaste dame der “gutta” før møtet mimra om “gamle dager” då dei studerte saman på NTH. Og, eg har opplevd å vere vertskap for ein middag der to menn attmed meg byrja å snakke om døtrene sine som “var i en sånn kritisk alder”. Døtrene var på min alder viste det seg. Det er ikkje berre lett å sette seg i respekt og bli lytta til i slike forsamlingar. Dei uformelle nettverka og posisjonane har mykje meir å seie enn ein ofte trur. Då er det viktig at vi kvinner lagar våre eigne nettverk, som gjev oss styrke og “guts” til å kreve vår rettmessige plass i styre og stell.

Kvinner er ofte kvinner verst. Det trur eg alle damer har opplevd på eit eller anna vis. Fordommane kjem lett til syne når kvinner gjer utradisjonelle valg. Det er sjelden eit problem når småbarnsfaren er aktiv i lag og organisasjonar, har ei “viktig stilling” og må jobbe overtid eller er vekke på anlegg i 14 dagar.  Vi småbarnsmødre som vel litt annleis får alltid spørsmålet; Korleis greier du dette, du som har små ungar og alt? Ein får tilleggsbelastninga med å ha tatt det “utradisjonelle valet”. Mellom linjene ligg ofte spørsmålet om ein er ei like god mor som dei som vel “det tradisjonelle”.

Vi skriv 2013. Framleis er det flest menn i dei synlege, leiande posisjonane i dette landet. Eg meiner vi har ein lang veg å gå før vi faktisk er likestilte. Den dagen det er like mange kvinner som menn som har leiande stillingar i arbeidslivet eller i politikken. Den dagen kvinner tener like mykje som menn for same jobben. Den dagen ingen stussar når det er mor som har “toppjobben”, vekependlar eller er aktiv i politikken. Den dagen har vi kome i nærleiken av “det likestilte samfunnet”.