Meny
Bli medlem

«Liksom- marknad»i norsk helsevesen

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Høgre og Framstegspartiet slår fast i regjeringsplattforma at produksjon av velferdstenester skil seg lite frå andre tenester. Dei tar grunnleggjande feil, skriv Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for Sp.

Korleis vi organiserer sjukehusa våre, er eit viktig demokrati-, fordelings- og verdispørsmål. I dag vert sjukehusa styrte etter ein føretaksmodell inspirert av private bedriftsmodellar. 40 pst. av finansieringa er innsatsstyrt. Dette har medført ei marknadsretting av norsk helsevesen. Politikarar har valt å tre tilbake til fordel for helsebyråkratar og føretaksstyre der ingen av medlemmane kan kastast ved val. Den økonomiske belønninga som ligg i kva slags diagnoserelaterte gruppe den enkelte pasienten tilhøyrer, sørgjer for at pasientfokus heile tida må konkurrera med innteningsjag. Faren for at pasientar som ikkje lønner seg, vert nedprioriterte, er stor. Bestillar–utførar-modellen er skreddarsydd for privatisering og kjøp og sal av tenester. Det vert lagt opp til  at pasientar bør stykkpristast. Føretaksmodellen har altså vore vellykka med omsyn til å etablera ein liksom-marknad i offentleg helsesektor.

 

Helsetenesteaksjonen som er etablert, er ein motreaksjon på denne utviklinga, og kritiserer det faktum at  New Public Management har vorte ei drivande kraft i helsesektoren. Dei vil ta faget tilbake. Senterpartiet støttar desse krava og meiner at sjukehussektoren må tilbake til folkevald styring. Vi vil leggja ned føretaka, rammefinansiera sjukehusa, gi Stortinget makt og desentralisera styringa av sjukehusa til 20 lokale sjukehusstyre der fleirtalet av medlemmene er valt av fylkestinget.

 

Høgre og Framstegspartiet gjekk til val på å fjerna dei regionale helseføretaka. Dei får no kritikk for ikkje å gjennomføra det dei lovar. Men eg er ikkje overraska. Høgre og Framstegspartiet treng føretaka for å styra helsebutikken dei no skal skapa. Dei har heller ikkje noko politisk nivå å desentralisera makta til når dei samstundes lover å leggje ned fylkeskommunen. Å fjerna dei regionale styra har dessutan ingen verdi utan at det samtidig skjer ei omlegging av finansieringa. Innføring av føretaksmodellen i 2002 hadde klar samanheng med og kom nettopp som resultat av innføring av bestillar–utførar-modellen og innsatsstyrt finansiering i helsevesenet.

 

Då New Zealand og Skottland reverserte føretaksorganiseringa, starta dei ikkje med å fjerna føretaka, men dei starta omlegginga med å fjerna bestillar–utførar-modellen og fjerna innsatsstyrt finansiering til fordel for rammefinansiering. Til slutt fjerna dei dei regionale styra. Dei sa eit endeleg og kompromisslaust farvel til all marknadstenking og marknadsløysingar i helsesektoren. Dei la ned føretaka til fordel for ein demokratisk styrt helsesektor innanfor rammene av offentleg forvaltning. Til og med støttefunksjonar som kafédrift og reinhald vart tatt tilbake til offentleg drift.

 

Høgre–Framstegsparti-regjeringa gjer det stikk motsette. Med Kristeleg Folkeparti og Venstre på slep skal dei auka innsatsstyrt finansiering, dei skal innføra fri etableringsrett for private, og dei skal leggja om til nøytral moms, slik at føretaka lettare kan privatisera endå meir av sine tenester og gjera helsesektoren til ein endå større marknad. Høgre og Framstegspartiet slår fast i regjeringsplattforma at produksjon av velferdstenester skil seg lite frå andre tenester. Dei tar grunnleggjande feil.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet