Her er Liv Signe Navarsetes spørsmål:
President.
Statsråden og regjeringa sin kamp mot konsesjonslova har så langt vore prega verken av politisk eleganse, handlekraft eller gjennomføringskraft.
Regjeringa sendte før sommaren i fjor ei sak til Stortinget om å oppheva priskontrollen som er ein del av konsesjonslova. Den er fortsatt ikkje handsama i Stortinget og det er usikkert om og eventuelt når det vil skje.
I ein slik situasjon velger statsråden å sende på høyring eit forslag om å oppheva heile konsesjonslova.
Det minner litt om høgdehopparen som riv på 1,50 og som deretter legg lista på 2 meter for sikkerheits skuld.
Kva er statsrådens plan og har statsråden eit mål om å få fleirtal i Stortinget for sin politikk eller er det viktigare å bruka lovgivningsprosessen til partipolitiske symbolmarkeringer for denne statsråden?