Meny

Liten, mindre, borte

Sist endret: 16 03 2017
Det blir frå samanslåingsivrige si side hevda at alt blir betre berre vi får slått saman både kommuner og tenester. Dette trass i att undersøkingar viser at tenester fungerer vel så bra i småe kommuner som i store

Samanslåing av kommuner vil  gjere at fleire innbyggarar vil få lengre avstand til tenestar og beslutningstakarar. Det vil  også bli langt færre politikarar enn vi har i dag og det vil føre til mindre påverkingskraft for lokalbefolkinga på det som skal opp til politisk handsaming.

I starten av kommunereformarbeidet vart Danmark brukt som eksempel frå høgresida og tilhengarar av reformen. Nå, ettersom dei negative sidene ved kommunereformen i Danmark kjem fram, skal vi ikkje samanlikne oss med dei. Det skal ikkje pratast om at distrikta i Danmark blør, at det er ei halvering av politikarar og ei auke på over 1600 byråkratar. I rapportane er det påpeikt at noko av det positive i Danmark er at politikarane har fått større avstand til folket og det gjer at dei kan ta betre og sjølvstendige avgjersler. Sagt på ein annan måte; dei vil lettare fylgje innstillinga frå sakshandsamar utan å ta omsyn til korleis dette vil påverke dei det gjeld. Er det dette vi kallar lokaldemokrati?

Det blir frå samanslåingsivrige si side hevda at alt blir betre berre vi får slått saman både kommuner og tenester. Dette trass i att undersøkingar viser at tenester fungerer vel så bra i småe kommuner  som i store. Det er fordeler og ulemper med alt, men den lokale tilhøyrigheita og oversikta skal vi ikkje bagatellisere.

Spesielt innan politireformen er eg særs bekymra over den sentraliseringstanken som no er førande. Det lokale politiet si styrke er kjennskap til folk og geografi. Terskelen for å kontakte politiet blir mindre til betre du kjenner til tenestemennene. Det same gjeld politikarar.

Er det fjernpoliti og fjernpolitikarar folk vil ha? Senterpartiet vil ha eit samfunn som tek vare på det nære. Vi treng eit lokaldemokrati som innvolverer heile lokalmiljøet og skapar eigarskap for utvikling og framtid. Desentraliser det du kan og samle det du må, men la kvar enkelt kommune bestemme det.

Aud Hove, 2. kandidat Oppland Senterparti.