Meny

Liv Signe til Valdres og Vinstra

Laurdag 31. august skal Sp-partileiar, Liv Signe Navarsete, leggje ned grunnsteinen for Valdres Lokalmedisinske senter. Men ho skal også leggje rakfisk i Røn, steike kvitkako på Fagernes og vere med på byfest på Vinstra.

Fyrste stopp for kommunal- og regionalministeren er Vang, der det blir ei markering av at E 16 over Filefjell er i ferd med å bli bygd ut til ein rasjonell og effektiv stamveg mellom aust og vest. 

Så går turen til Røn, der  Navarsete vil leggje ned sin eigen rakfisk til jul. Denne vil valdrisane kome til Oslo eller til Lærdal med når den er klar til å etast.

Klokka 12 legg Liv Signe Navarsete ned grunnsteinen for eit unikt prosjekt i nasjonal samanheng. Dei seks valdreskommunane har valt ei offensiv satsing på samhandlingsreforma i helsevesenet og vil byggje eit felles lokalmedisinsk senter til 300 millionar kroner på Fagernes, som skla samle lokal medisinsk kompetanse og gje eit moderne helsetilbod til innbyggjarane nærast mogleg der dei bur.

Klokka 13 inviterer Sp-laga i Valdres inviterer til offentleg kokkekamp der partileiar Liv Signe Navarsete vil møte mellom andre stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien og mentor frå Farmen, Ola N. Døvre, til dyst i den lokale spesialiteten, steiking av kvitkako. 

Etter kokkekampen reiser statsråden over fjellet til Vinstra for å delta på byfesten. Ved midnatt er Navarsete med på å markere at Vinstra får bystatus.