Meny
Bli medlem

Liv til åra - på film

Sist endret: 27.09.2020 #Hedmark
Senterpartiet har lansert ein flunkande ny valkampfilm, som set ein ny dagsorden i eldrepolitikken. Sjå filmen her!

Senterpartiets valkampfilm illustrerer kjernen i eldrepolitikken vår: Det handlar om liv til åra, ikkje berre år til livet! Vi går til val på ein eldrepolitikk for å bidra, delta og velje sjølv. Alderdomen handlar også om kvardagar og livsglede, og er like individuell som resten av livet. 

 

I praksis handlar det om støtte til tilpassing av eigen bustad, så flest muleg kan bu heime så lenge dei sjølve ønskjer. Det handlar om rom for løysingar i regi av familien, gjennom styrkt omsorgsløn og lik rett til fri med løn når ei gamal mor brekker lårhalsen som når toåringen får omgangssjuke. Og det handlar om fleire aktivitetar der dei eldre bur, gjennom støtte til frivillige lag og organisasjonar, livsgledesertifisering av sjukeheimar og lovfesta dagtilbod til personar med demens. 

 

Del gjerne filmen på Facebook! 

Det gjer du ved å følgje denne linken, http://on.fb.me/15wqeQQ - og klikke på Del like under sjølve filmen. 

 

Sjå filmen på Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=ERK-v2WZSxE

 

Ved å følgje denne linken, http://www.youtube.com/user/Senterpartiet/videos, finn du også variantar av filmen med stillbilete av dei enkelte førstekandidatane til slutt, leit opp filmen frå ditt fylke og del i sosiale medium!