Bu heime så lenge du ynskjer
Heimen er som oftast plassen vi er sterkast knytt til. Dei fleste ynskjer difor å bu heime så lenge helsa og praktiske tilhøve tillet det. Vi vil satse på eldre si folkehelse og arbeide målretta med kosthald, trening og rehabilitering for den einskilde. Det gjev betre kvardagar, og røynsler viser og at fleire kan velje å bu heime. Vi vil satse på tilrettelagte boliger, sunn og trygg mat og offensiv bruk av ny teknologi for å sikre at fleire kan bo enda betre og lenger i eigen heim.
Familie og frivillige som viktig ressurs
Vi kan ikkje byggje oss ut av bemanningsmangel og einsemd. Vidare utbygging av velferda krev fleire som gjer ein frivillig innsats for dei eldre i lokalsamfunnet. Det må verte enklare for familie og frivillige å bidra. Vi vil difor styrke ordningar som romslegare omsorgsløn og løna fridagar.
Mange eldre ynskjer å bidra
Det er mange spreke eldre som har lyst og kapasitet til å bidra i arbeidslivet og samfunnsutviklinga. Senterpartiet vil derfor ta debatten om aldersgrensene i arbeidslivet hindrar folk i å stå lengre i arbeid.