Meny

Lokal forvaltning på liksom

Naturområda våre må bli forvalta utifrå kunnskap, både forskningsbasert, erfaringsbasert og med lokal kunnskap.

Intensjonane  med lokal forvaltning og etablering av nasjonalparkstyrer var gode. I brev frå miljøvernministeren i desember 2009 til kommunane om forvaltninga står det at «I valget av forvaltningsmodell for nasjonalparkene og de øvrige verneområdene har regjeringen vektlagt at forvaltningen skal være kunnskapsbasert, lokalt forankret og bidra til en mest mulig enhetlig forvaltning.»

Kunnskapsbasert

Det er sjølvsagt viktig at naturområda våre blir forvalta utifrå kunnskap, både forskningsbasert, erfaringsbasert og med lokal kunnskap. Kvar enkelt nasjonalpark har sine særtrekk og lokal kunnskap blir derfor særs viktig i forhold til lovverket og skjønnet som alltid kjem i ei forvaltning. I verneområde gjeld ulike lovverk, men det er naturmangfaldslova som er den overordna. Vi har plan- og bygningslova, fjellova, allmenningslova, friluftslova, viltlova, lakse- og innlandsfiskelova. I tillegg har vi forskrifter for nasjonalparkar, lov om statleg naturoppsyn, kommunedelplanar og regionale planar. Med andre ord, eit virvar av lover, forskrifter og planar som nasjonalparkastyra skal  ha ei «mest mulig enhetlig forvaltning» av.

Lokalt forankra

Nasjonalparkstyra er samansett av politikarar frå kommunar og fylkeskommunar som har areal i nasjonalparken. Til dømes i Reinheimen  har vi kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Lesja, Rauma, og Norddal.  Fylkeskommunar er Oppland og Møre og Romsdal. Over 50% av arealet som er verna er privat og Skjåk Almenning, som den største grunneigaren, fekk ikkje plass i styret. Kvifor får dei ikkje det? Dette gjer at dei blir husmenn på eigen grunn. Nasjonalparkforvaltaren er det fylkesmannen som skal tilsette.  Kvifor får ikkje nasjonalparkstyret tillit til å tilsette forvaltaren sjølve? Har dei ikkje god nok kunnskap?

Ei mest mogleg einsarta forvaltning

Det er store naturområde i ein nasjonalpark med villdyr, rovdyr, fiske, turisme, beitebruk, hytter, næringsliv, vatningsanlegg, fangstanlegg og andre kulturminne for å nemne noko. Nasjonalparkstyra har ikkje styring på alt i ein nasjonalpark. Dette gjer det vanskeleg med ei einsarta  forvaltning. At det no kjem ein regionalplan for Villrein i Ottadalsområdet vil gjere det enda meir fragmentert for Reinheimen sin del. Rovdyrforvaltninga ser ut til å leve sitt eige liv. Næringsinteresser som beitebruk blir skvisa mellom alle omsyn. Virvaret av planar, lovverk og forskrifter gjer det heile uoversiktleg og ikkje til det beste for verken forvaltning eller for vernet. Forvaltninga er prega av uklare ansvarsforhold for korleis vi skal bruke naturområda våre.

Som eit døme på at ulike aktørar og etatar skal bestemme over same område utan å sjå heilheita vil eg nemne at Reinheimen nasjonalpark vart oppretta for å sikre reinen eit vern. Likevel skal det kome ein regionalplan for villrein. I den planen er ikkje rovdyr nemnt med eit ord. Derimot i Forvaltningsplanen for Reinheimen står det at «Villreinen sjølv er eit byttedyr for jerv og kongeørn.» Det veit vi jo, og vi veit at jerv kan både forstyrre og ta rein. Derfor bør også rovdyrforvaltninga sjåast i samanheng med forvaltninga av Reinheimen og av villreinen.

Poenget mitt med dette innlegget  er at den lokale forvaltninga i mange høve føler ein mistillit frå fylkesmann, departement og direktorat i forhold til forvaltninga. Med ein kommunalreform på trappene burde vi også ta grep kring forvaltninga av naturområda våre. Det har dei siste 20- 25 åra  vorte etablert nasjonalparkar i heile norddalsområdet. Eit fjellområde som lokalbefolkninga føler eit eigarskap til og som mange no føler blir fjernstyrt av merkelege vedtekter og småsaker til handsaming. T.d. å måtte søkje om å bruke motor på eit fjellvatn det faktisk er lov til å bruke motor, å måtte søkje om å hogge ved til hytta i eit område som gror att, å ikkje få lov til å bruke el-motor som erstatning for bensin-motor på eit fiskevatn der støy er grunnen for ikkje å få lov til å bruke motor, å ikkje kunne bruke motor på eit fiskevatn som ligg langs RV15 på grunn av at støy  frå båtmotoren kan skade vernegrunnlaget. Eit tungvint og byråkratisk system som gjer det tungvint og til dels vanskeleg å nytte naturressursane. Resultatet kan bli at ein svekker  verneformålet meir enn ein strykar det.

Nasjonalparkane slik vi ser dei i dag er eit resultat av bruk av naturressursane. «Gartnarane» er beitedyra. Dersom ein ikkje får ei rovdyrforvaltning som gjer det leveleg for beitedyr, vil også det svekke verneformålet.

Alle desse eksempla er med og undergrev den lokale forankringa og forståinga for vernet. Samtidig veit lokalbefolkninga at dei har forvalta desse fantastiske naturområda på ein slik måte at dei er verneverdige. Det har dei gjort med kunnskap, skjønn og med ei forståing for naturen som kjem av at dei bur der.

Regjeringa vil rydde i unødvendig byråkrati  og legge betre til rette for næringsverksamheit og bruk av utmark. Her kan regjeringa vise at dei meiner noko med meir lokal styring ved å rydde opp i virvaret og legge denne forvaltninga i si heilheit over på kommunane.

Kanskje fylkesmannen i Oppland, som sit i førarsetet for kommunereforma, kan foreslå det? Det vil gje ei meir einsarta forvaltning med lokal forankring og kunnskap, og eg er sikker på at kommunane er klare for det.

Aud Hove, Skjåk

Oppland Senterparti