Meny

Lokal kunnskap gjev tryggleik

-Lokal kunnskap gjev tryggleik. Beredskap tufta på lokalkunnskap og nærleik gjev raskare reaksjon og derfor tryggleik for folk, seier fylkesleiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones. I sitt innlegg på Senterpartiets landsmøte tok han beredskap og viktigheita av at beredskapen er tufta på lokal kunnskap og nærleik til folk. For Senterpartiet er det viktig at det er politi og helsetenester der folk bur.

–Det  var  lensmannen i Odda som berga at det ikkje gjekk liv under flaumen i Odda i haus. Då han tok bilen og køyrde ein tur sørover i Oddadalen for å rekognisere flaumen, forstod han kor mykje vatn som var på veg og kva konsevensar dette ville kunne få ut frå sin lokalkunnskap og erfaring med naturen i Hardanger, forklarer Ljones. 

-Lensmannen returnerte til Odda og sette umiddelbart i gong evakuering langs Opoelva og sende skuleelevane heim kl 12. Det fyrste huset gjekk i elva rundt kl 17. Trur me evakueringa hadde skjedd tidsnok dersom politiet hadde vore organiset i ei "stor og robust" eining lokalisert i Bergen? Senterpartiet er heilt tydelege på at større einingar ikkje nødvendigvis betyr meir og betre tryggleik. Me treng politi og gode helsetenester der folk bur. Det gjev tryggleik i praksis, avsluttar Jostein Ljones.